Saka oppsummert:

  • Kyiv er råka av eit kraftig russisk angrep
  • Minst 19 personar er skadd
  • Luftsirene er utløyst i store delar av Ukraina
  • Ukraina sin president Zelenskyj skal møte Donald Trump i Florida for å diskutere ein 20-punkts fredsplan som er 90 prosent ferdig

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Like før klokka eitt natt til laurdag norsk tid meldast det om kraftige eksplosjonar i Kyiv.

Opplysningane blir bekrefta av ordførar Vitalij Klitsjko, som ber innbyggarane gå i bomberomma.

– Eksplosjonar i hovudstaden. Luftvernet er aktivert. Gå i dekning, skriv han på Telegram.

Minst 28 personar er skadd.

Bildet viser en ødelagt bilpark med flere brente kjøretøy. I forgrunnen er to biler, hvorav en delvis dekket med et lerret. Det er røyk som stiger opp fra en av bilene, og det ligger et brannslukningsapparat synlig på bakken. Omgivelsene er preget av et grått og vinterlig landskap med nakne trær og en steinmur i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Eksplosjonane har leia til brann fleire stadar i byen.

Foto: STATE EMERGENCY SERVICE OF UKRAINE / Reuters / NTB

Også NRK sin korrespondent i Kyiv melder om eit kraftig angrep. Han opplyser at angrepet verkar å vere retta med fleire av fjernvarmeanlegga i byen.

Guvernøren i Kyiv-regionen, Mykola Kalashnyk, seier at 320.000 forbrukarar er utan straum laurdag morgon.

Samstundes er det oppretta beredskapspunkt der innbyggjarane kan få straum, varme, vatn og lade telefonane sine.

Det ukrainske forsvaret melder at Russland har fyrt av både kryssarmissil og ballistiske missil.

Luftsirene er utløyst i store delar av Ukraina.

Følg utviklinga i Ukraina her:

Leter etter person i ruinar

Laurdag morgon melder president Volodymyr Zelenskyj at angrepet framleis held på.

Regionen er så langt ramma av nesten 500 dronar og 40 rakettar. Hovudmålet har vore Kyiv, med energisektoren og sivil infrastruktur som mål, skriv Zelenskyj på Telegram.

Nødetater slukker brann etter russiske angrep mot en bygning i Kyiv.

Nødetatar arbeider laurdag morgon med å sløkke brannar etter nattas angrep.

Foto: Det ukrainske innenriksdepartementet / Ukraina

Redningsmannskap leitar etter ein person i ruinane av eitt av bygga som er råka.

Polen har sendt jagarfly på vingane og stengt flyplassar etter dei russiske angrepa, melder Reuters. Årsaka skal vere at russiske fly flaug nær det polske luftrommet.

Zelenskyj til USA

Zelenskyj skriv vidare at angrepa viser at Russland ikkje ønskjer å avslutte krigen.

– Når Russland gjer sjølv jule- og nyttårstida til ein periode prega av øydelagde heimar, nedbrende leilegheiter og øydelagde kraftverk, kan dette berre møtast med verkeleg sterke tiltak, skriv han.

USA og Europa har moglegheit til å gjere nettopp det, og det er avgjerande at dei gjer det, skriv presidenten.

Fredag morgon melde president Volodymyr Zelenskyj at han skal møte USAs president Donald Trump i Florida søndag.

Bilde viser to menn som står foran en inngang. Den ene er iført en dress med rosa slips, mens den andre har på seg en svart jakke. I forkant av dem er et amerikansk flagg synlig. I bakgrunnen er det en vifteformet flagg som ser ut til å være ukrainsk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

USA sin president Donald Trump og Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj under eit møte i Det kvite hus i oktober.

Foto: TOM BRENNER / AFP / NTB

Han understrekar at Ukraina ikkje vil trappe ned den diplomatiske innsatsen, men at diplomati ikkje fungerer utan tryggleik, og at dette blir eit sentralt tema i samtalen med Trump.

Ifølgje Zelenskyj er ein 20-punkts fredsplan 90 prosent ferdig.

Torsdag snakka Zelenskyj med dei amerikanske utsendingane Steve Witkoff og Jared Kushner.

Zelenskyj uttalte at samtalane var «veldig gode», og at fokuset er å få slutt på den «brutale russiske krigen».

Interessert i det som skjer i verda? Følg utanriksredaksjonen sin podkast her:

Publisert

27.12.2025, kl. 01.27

Oppdatert

27.12.2025, kl. 10.19