Saka oppsummert:

  • Kyiv er råka av eit kraftig russisk angrep
  • Minst 19 personar er skadd
  • Luftsirene er utløyst i store delar av Ukraina
  • Ukraina sin president Zelenskyj skal møte Donald Trump i Florida for å diskutere ein 20-punkts fredsplan som er 90 prosent ferdig

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

I natt ble Kyivs innbyggere bedt om å søke tilflukt i bomberomma.

– Eksplosjonar i hovudstaden. Luftvernet er aktivert. Gå i dekning, skrev ordførar Vitalij Klitsjko på Telegram.

Laurdag morgon melder president Volodymyr Zelenskyj at angrepet framleis pågår.

Redningsmannskap arbeider på en skadet bygning med synlige ødeleggelser og rusk. Flere personer i beskyttelsesutstyr løfter et svart teppe, muligens for å hente ut en person. Omgivelsene viser en delvis kollapset struktur med synlige brannskader. Aktivitete skjer i en urban setting, med skader tydeliggjort på bygningens fasade. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Redningsmannskap i Kyiv bærer et offer for nattens angrep i en svart plastpose.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

– Hovudmålet har vore Kyiv, med energisektoren og sivil infrastruktur som mål.

Minst 28 personar er skadd. Redningsmannskap leter etter ovelevende i ruinene.

Hundretusener uten strøm

Guvernøren i Kyiv-regionen, Mykola Kalashnyk, seier at 320.000 forbrukarar er utan straum laurdag morgon.

Samstundes er det oppretta beredskapspunkt der innbyggjarane kan få straum, varme, vatn og lade telefonane sine.

Det ukrainske forsvaret melder at Russland har fyrt av både kryssarmissil og ballistiske missil. Kyiv-regionen er så langt ramma av nær 500 dronar og 40 rakettar, skriv Zelenskyj på Telegram.

Luftsirene er utløyst i store delar av Ukraina.

Polske jagarfly i luften

Polen har sendt jagarfly på vingane og stengt flyplassar etter dei russiske angrepa, melder Reuters.

Årsaka skal vere at russiske fly flaug nær det polske luftrommet. Det er ikkje meldt om brot på polsk luftrom.

Zelenskyj til USA

Zelenskyj skriv vidare at angrepa viser at Russland ikkje ønskjer å avslutte krigen.

– Når Russland gjer jule- og nyttårstida til ein periode prega av øydelagde heimar, nedbrende leilegheiter og øydelagde kraftverk, kan dette berre møtast med verkeleg sterke tiltak, skriv han.

Nødetater slukker brann etter russiske angrep mot en bygning i Kyiv.

Nødetatar arbeider laurdag morgon med å sløkke brannar etter nattas angrep.

Foto: Det ukrainske innenriksdepartementet / Ukraina

USA og Europa har moglegheit til å gjere nettopp det, og det er avgjerande at dei gjer det, skriv presidenten.

Fredag morgon melde president Volodymyr Zelenskyj at han skal møte USAs president Donald Trump i Florida søndag.

Bilde viser to menn som står foran en inngang. Den ene er iført en dress med rosa slips, mens den andre har på seg en svart jakke. I forkant av dem er et amerikansk flagg synlig. I bakgrunnen er det en vifteformet flagg som ser ut til å være ukrainsk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

USA sin president Donald Trump og Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj under eit møte i Det kvite hus i oktober.

Foto: TOM BRENNER / AFP / NTB

Han understrekar at Ukraina ikkje vil trappe ned den diplomatiske innsatsen, men at diplomati ikkje fungerer utan tryggleik, og at dette blir eit sentralt tema i samtalen med Trump.

Ifølgje Zelenskyj er ein 20-punkts fredsplan 90 prosent ferdig.

Torsdag snakka Zelenskyj med dei amerikanske utsendingane Steve Witkoff og Jared Kushner.

Zelenskyj uttalte at samtalane var «veldig gode», og at fokuset er å få slutt på den «brutale russiske krigen».

Interessert i det som skjer i verda? Følg utanriksredaksjonen sin podkast her:

Publisert

27.12.2025, kl. 01.27

Oppdatert

27.12.2025, kl. 12.17