Nyttar det ikkje å protestera, seier du?

Jo. Det lokalpolitiske året 2025 står igjen som året då heilt vanlege folk gong på gong song ut mot byrådet sine mange krumspring, og ganske ofte greidde å vinna fram.

Rett skal vera rett. Byrådet i Bergen har dei to siste åra greidd å gjennomføra kutt for mange hundre millionar kroner.

Mange av dei har verkeleg smerta, og vanskelegstilte grupper som sosialhjelpmottakarar, utviklingshemma og eldre som ikkje lenger skal få medisinen heim har fått svi.

Samtidig hadde Bergen i løpet av 2025 vorte langt meir ommøblert, om ikkje bergensarar på rekke og rad hadde protestert.

Om me skal verta ferdig før årsskiftet må me nesten komma i gang.

Me startar med den aller største maktpolitiske fadesen. Då byrådet i vår prøvde seg på å legga ned ei rekke skular i byen, møtte dei sine overmenn, overkvinner og overbarn.

Demonstrasjon mot skolenedleggelse i Fyllingsdalen.
Sælen skole møtte Seljedalen skole ved Oasen.

Stort engasjement då folk i Fyllingsdalen protesterte mot skulenedlegging.
Foto: ANDERS KJØLEN

Skulenedleggingar er det definitive vågestykket for ein lokalpolitikar, og heilt sikkert ein grunn til at mange vegrar seg for å ta på seg politisk ansvar.

Det spede og ynkelege forsøket frå byrådet sette likevel eit nytt historisk botnnivå for denne typen prosessar, og var totalt sjanselaust i møtet med heilt ekte folkeleg engasjement ute i bydelane.

At byrådet i tillegg inkluderte nedlegging av skulen i den bergensbygda med mest lokalidentitet – Salhus – gjorde det tannlause forsøket heilt hjelpelaust.

Då Linn Engø (Ap), Trond Tystad (Bergenslisten) og oppsiktsvekkande nok Chris Jørgen Rødland (H), som saman representerte eit fleirtal i bystyret, forvilla seg inn i demonstrasjonstoget i Salhus, var i realiteten alt håp ute for byrådet.

Folkemøte i salhus om nedlegging av Salhus Skule etterfulgt av demonstrasjonstog på Tellevikveien

Linn Engø, Chris Jørgen Rødland og Trond Tystad hamna alle midt i demonstrasjonstoget i Salhus. Saman representerte dei tre eit fleirtal i bystyret.
Foto: Emil Weatherhead Breistein

Allereie før høyringsfristen var passert, torpederte bystyret det kanskje viktigaste tiltaket byrådsleiar Christine Meyer (H) hadde for å få langsiktig kontroll på kommuneøkonomien.

Omtrent samtidig med at skulebehovsplanen havarerte, før planen eigentleg var lagt fram, dukka to modige kvinner opp i BA.

Eli Waagbø Bøe og Irene Fjeldsbø visste at dei kom til å få mindre å rutta med etter at bystyret hadde kutta i den kommunale bustøtta. Då dei fann fram kalkulatoren oppdaga dei likevel at kommunen hadde rekna feil.

Sjølv om dei to damene, og fleire andre som bur i kommunale bustader i byen, klaga til kommunen, vart dei først ikkje trudde verken av sosialbyråden eller bustadkontoret i kommunen.

Eli Waagbø Bøe og naboen er to av mange som rammes av nye retningslinjer for utregning av bostøtte. 
Nabo Irene Fjeldsbø (t.v.)

Ved kjøkenbordet i den kommunale leilegheita fann Eli Waagbø Bøe og Irene Fjeldsbø ut at kommunen hadde rekna feil.
Foto: ARNE RISTESUND

Derfor fekk saka i løpet av sommaren utvikla seg til ein heilt ekte skandale. I starten av september vart det kjend at byrådsavdelinga hadde forfalska bystyrevedtaket, og kravd inn meir pengar enn det var grunnlag for.

1380 av dei som har minst i Bergen fekk i snitt om lag 1000 kroner mindre enn dei hadde krav på. I tillegg vart det oppdaga at byrådsavdelinga var klar over at fleire barnefamiliar i byen òg hadde fått mindre enn dei skulle hatt, men at byråkratane hadde prøvd å dytta dette under teppet.

Takka vera Eli Waagbø Bøe og Irene Fjeldsbø og dei andre som engasjerte seg, enda byråd Charlotte Spurkeland opp med å kutta bustøtta mindre enn ho eigentleg hadde tenkt.

Medan andre vann fram politisk, var det andre bergensarar som gjekk rettens veg for å visa at dei hadde rett, medan makta tok feil.

Landås-bebuaren Denny Suggurthi vann ein knusande og total siger mot Bergen kommune i Bergen tingrett. Legen hadde over fleire år betalt nesten eit millionbeløp i dagbøter grunna arbeid han hadde gjort på sin eigen eigedom.

I tillegg til å betala tilbake dagbøtene, måtte òg kommunen dekka saksomkostnadar på ein kvart million.

– Eg tenker ikkje på pengar, men rettferd. Eg håpar eg kan leva i ferd, det livet eg har, sa Suggurthi til BA då den dundrande sigeren var klar.

Denny Suggurthi har kjempet mot kommunen siden juni 2020.

Denny Suggurthi hadde kjempa mot vekslande kommunale regime sidan juni 2020. I 2025 vann han fram.
Foto: RUNE JOHANSEN

Også for utviklingshemma som denne hausten har kjempa for å behalda heilt essensielle tenester frå kommunen, har kampen rett og slett handla om livskvalitet.

I september stilte Frode Løvik Hoprekstad opp i BA. Grunna byrådet sine kuttforslag stod han i fare for å mista støttekontakten han hadde hatt i 25 år – sidan han var ti år gammal.

Vi møter Frode, hans støttekontakt gjennom nesten 25 år, Jon Bjarne. Om byrådets foreslåtte kutt i støttekontaktordningen går gjennom, vil Frode miste støttekontakten som beskrives som et familiemedlem.

Frode Løvik Hoprekstad har hatt Jon Bjarne Samuelsen som støttekontakt i 25 år. I haust stod heile ordninga i fare.
Foto: Emil Weatherhead Breistein

Det mest uverdige kuttforslaget i bypolitikken på mange år, framstod som fullstendig hjerterått i møte med dei verkelege realitetane. Å få fortalt historiene til dei politikken fraktisk rammar er enkelte gongar heilt avgjerande.

Sjølv om bystyrefleirtalet reverserte enkelte av kuttforslaga byrådet retta mot dei utviklingshemma, er likevel konsekvensen at støttekontaktordninga er kraftig svekka.

Om Frode Løvik Hoprekstad hadde vore 10 neste år, og ikkje for 25 år sidan, ville han neppe ha fått støttekontakt.

I tillfeller der den folkevalte motstanden ikkje når fram, eller berre når delvis fram, har òg motstanden ein effekt. Svekkinga av støttekontaktordninga er ei alvorleg ripe i lakken for partia som har sikra fleirtal for bybudsjettet.

Heilt fram til ein har fått tilbake ei fullgod ordning, bør me bita oss merke i engasjementet og argumenta til dei som har kjempa for denne gruppa.

Også når det folkelege engasjementet går på dei mest sviande nederlaga, kan konsekvensen vera at makta står igjen med betydelege skrammer.

Då innbyggarane på Wergeland protesterte mot at eit verneverdig villastrøk skulle rivast for å gje plass til ein ny sykkelveg, vart byrådet redda av dei som normalt er oppisisjonen i bystyret.

Den moralske sigeren går likevel til dei som har kjempa. Sanering av gamle villaar, og å erstatta desse med preglause bustadblokker, vart nyleg trekt fram som eit skrekkeksempel i kommunen sin ferske arkitekturrettleiar.

Beate Hope og Erik Nilsen samt noen av naboene på Wergeland kan få husene sine revet fordi det skal bygges ny sykkelvei forbi. De mener det er helt unødvendig og at husene bare kan flyttes noen meter bakover.

Beate Hope, Erik Nilsen og andre i nabolaget har kjempa mot å få heimane rivne. Sjølv om kommunen ikkje har lytta, har dei vunne ein moralsk siger.
Foto: SKJALG EKELAND

Med litt pragmatisme kunne ein med langt enklare grep ha betra situasjonen for syklistar utan å riva verneverdige heimar. Det framstår i staden som at sykkelvegen er eit vikarierande argument for at utbyggarar skal få meir plass til å bygga bustadblokkene.

Det siste dømet på korleis det folkelege engasjementet har fillerista makta finn me på Landås.

Byrådet sitt forslag om å legga ned biblioteksfilialen på Landåstorget stranda fordi argumenta slettes ikkje hang på greip. At eit offentleg bygg ikkje er universelt utforma er eit elendig argument for å legga ned eit sjeldan offentleg kulturtilbod som kan dokumenterast at treff bergensarar i alle aldrar.

Med parolar som “La barna lese” og “Er dere helt sprø !!?” mobiliserte dei yngste i Årstad bydel for å stoppa den meiningslause nedlegginga.

Mina, Ingvild og Ella demonstrerer mot nedleggelse av Landås bibliotek.

Mina, Ingvild og Ella var tre av barna som demonstrerte mot nedlegginga av Landås bibliotek.
Foto: RUNE JOHANSEN

I denne omgangen vann dei fram. Kampen for at “kulturbyen” faktisk skal finna meir langsiktige ordningar for heilt vitale kulturtilbod vil halda fram.

Trass dei mange nederlaga har faktisk bypolitikarane i byen greidd å få kommuneøkonomien opp i kneståande i løpet av dei siste par åra. Sjølv om utsette grupper har måtta bera ein for stor del av byrden, har politikarane vist at det òg er mogleg å gjennomføra kutt som har stor folkeleg aksept.

Målet for 2026 bør vera at byrådet vert betre på å lesa både det politiske og folkelege landskapet. Dersom dei foreslår kutt eller nedleggingar som skapar sterke reaksjonar, må dei i langt større grad sørga for å ha gode argument og å ha gjort førearbeidet.

I oppsummeringa si av budsjettdebatten i bystyret sa likevel finansbyråd Eirik Tenfjord (H) noko me kan bita oss merke i.

Nemleg at det no var på tide å ikkje berre snakka om kva tilbod som må vekk, men kva positive tiltak ein bør få til i Bergen.

Det er på høg tid. Også i krevjande tider må politikarane greia å utvikla, ikkje berre avvikla.

Tenk om bergensarane snart i staden for å berre kjempa mot politikken, og kunne få noko å kjempa for.

Det bør vera det politiske målet for 2026. At Bergen kommune og bergensarane litt oftare kan vera på same lag.

Folkemøte om Salhus Skule

Dei som kjempa for Salhus skule stod igjen som ein av dei verkelege politiske vinnarane i Bergen i 2025.
Foto: Emil Weatherhead Breistein