Klokka 15.34 melder politiet at brannvesenet har kontroll på staden, men at det er store skadar på huset.
Brannvesenet kjem til å drive ettersløkking utover kvelden.
FV670 er framleis stengt, men brannvesenet jobbar med å finne ei løysing på dette.
Såg flammane
Naboar fortel til NRK klokka 15.30 at dei frykta at brannen skulle spreie seg då det sto på som verst. Frå stovevinduet såg dei flammane ete seg gjennom taket på huset i bustadfeltet i Surnadal.
– Herregud, dette kan ikkje gå bra, tenkte eg, seier den eine.
Han var mest uroleg for om brannen skulle spreie seg til nabohuset – eller til skogen.
Brann i Surnadal.
Foto: Mari Vattøy / Driva
Brannvesenet fekk klokka 14:07 inn melding frå ein forbipasserande om at det brann i ein bustad i Surnadal. I den første meldinga frå politiet stod det at det var meldt om opne flammar på staden.
– To personar som var i huset da det starta å brenne kom seg ut, opplyser operasjonsleiar i politiet Sindre Molnes.
Dei skal ikkje vere alvorleg skadde, men dei kan ha fått i seg røyk, opplyser Molnes.
Operasjonsleiar Sindre Molnes.
Foto: Remi Sagen / NRK
Mannskap frå to stasjonar rykte ut
Like før klokka 14:20 opplyser 110-sentralen at brannvesenet akkurat er framme på staden.
– Det er full overtenning og vi har ikkje oversikt, opplyser 100-sentralen.
Like etter klokka 14:30 opplyser 110-sentralen at dei er på staden med mannskap frå Surnadal stasjon, og at mannskap frå Kvanne også er på veg.
Operatør ved 110-sentralen, Linn Haugen, seier at det er ein del vind på staden, men at det ikkje er omgåande fare for spreiing.
Stenger fylkesvegen
Politiet opplyser at fylkesveg 60 blir stengd på grunn av røyk frå brannen og på grunn av at brannvesenet hentar vatn frå ein bekk på andre sida av vegen.
– Foreløpig går røyken bort frå busetnaden. Det er ikkje behov for evakuering per nå, opplyser operasjonsleiar i politiet.
Publisert
27.12.2025, kl. 14.14
Oppdatert
27.12.2025, kl. 15.39