– Per no har vi ikkje kontroll på brannen. Vi driv framleis aktiv sløkking, og det er synlege flammar gjennom taket på bygget, seier Emilie Gjertsen, vaktleiar ved 110-sentralen til NRK.
Brannvesenet opplyser at dei har sett inn ressursar frå Vennesla og Søgne, og at mannskap frå Mandal er på veg.
Naboar blir evakuerte
Brannvesenet opplyser at innsatsen no er retta mot å sløkke brannen i bygget det brenn i, og hindre spreiing til to nabobygg.
Brannen er i Kvadraturen, eit område med fleire verneverdige bygningar, men brannvesenet har per no ikkje opplysningar om det aktuelle bygget har vernestatus.
Det brenn i eit bygg i sentrum av Kristiansand.
– Det brenn framleis med opne flammar frå taket. Det er mykje røyk i området og bebuarar, særleg sør for brannstaden, blir beden om å lukke vindauge, skriv operasjonsleiar Linn Andresen i Agder politidistrikt i politiloggen, like etter klokka 06.
Politiet varsla om brannen klokka 05.49.
Bebuarane i etasjen over er evakuerte. I tillegg blir naboar evakuerte.
Publisert
28.12.2025, kl. 06.39
Oppdatert
28.12.2025, kl. 07.17