Saka oppsummert:
- Mariam Kara Ali debuterer som 18-åring med diktsamlinga «Uranus – En enkel sjel», tileigna den avdøde bestefaren sin.
- Ho byrja å skrive dikt som 12-åring for å bearbeide vanskelege kjensler, inspirert av kjærleiken bestefaren hadde til poesi.
- Diktsamlinga blir utgitt gjennom hybridforlaget Calidris, der ho sjølv bidreg økonomisk til publiseringa.
- Kara Ali ønskjer å bryte tabu rundt mental helse og håpar dikta hennar kan hjelpe andre som har det vanskeleg.
- Utgjevinga er uvanleg for ein så ung forfattar.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av journalistar i NRK før publisering.
– Det kjennest heilt surrealistisk, det må eg ærleg seie, seier Mariam Kara Ali.
Det starta med eit par ord på ei notatblokk.
Kara Ali var berre 12 år gammal da ho kjente behov for å skrive tankar og kjensler ned på papir.
Nå er resultatet klart: Ei fysisk diktsamling, publisert av eit forlag – dedikert til den avdøde bestefaren hennar.
←
Boka heiter «Uranus – En enkel sjel». Mariam Karla Ali går under forfattarnamnet «Callisto Medina Nyx».
Foto: Julie Solvin Borgmo / NRK
– Eg hadde eit veldig fint band med bestefaren min, men dikta mine er litt mørke. Eg torde aldri å lese dei for han, seier Kara Ali.
Foto: Julie Solvin Borgmo / NRK
Inne i boka står det eit sitat frå bestefaren til Mariam, «En enkel sjel». Sitatet gav inspirasjon til namnet på boka.
Foto: Julie Solvin Borgmo / NRK
→
– Bestefar hadde nok blitt overraska over at eg hadde gitt ut ei diktsamling, men eg trur han hadde likt det. Eg håpar jo det, seier Kara Ali.
– Er verd prisen
Det heile starta med at bestefaren introduserte henne for det som nå er favorittlyrikarane hennar: Hans Børli og Einar Skjæraasen.
Kara Ali forelska seg i poesi, og begynte med diktskriving som ein måte å bearbeide vonde kjensler.
– Eg elskar Børli fordi han skriv så rått og flytande, men samtidig fast, seier Kara Ali.
Foto: Julie Solvin Borgmo / NRK
– Eg elska å skrive lange historier som barn, men i tenåra begynte eg å slite mentalt. Det var da eg begynte å skrive dikt, fortel ho.
Da bestefaren døydde etter sjukdom sommaren 2024, samla ho saman alle dikta ho hadde skrive i oppveksten og kontakta fleire forlag.
Kara Ali viser fram bilde av bestefaren, som var full av kjærleik for dikt og poesi:
Etter fleire nei, fekk ho endeleg eit ja – frå Calidris, eit hybridforlag der ho må finansiere delar av publiseringa sjølv.
Nøyaktig pris ønsker ikkje Kara Ali gå ut med, men ho fortel at prisen låg mellom 70.000 og 100.000 kroner for å få han publisert med rettleiing, korrektur og språkvask.
– Men prisen er det verd. Kunst er det viktigaste vi har. Kjensla av å halde boka for første gong var fantastisk, seier Kara Ali.
Aktuelt for mange
Ann Kristin Espejord, pressekontakt i Calidris Forlag, fortel at dei får mange førespurnader frå unge forfattarspirar.
Ann Kristin Espejord, pressekontakt i Calidris Forlag.
Foto: NRK
– Vi er varsame med å gi ut noko som ikkje kan vere positivt for dei vidare. Men nå har vi stortingsrepresentantar ned i 19-årsalderen her i Noreg, så eg tenker at dei også burde få lov til å gi ut bøker dersom det er forsvarleg, seier Espejord.
Ho fortel at diktsamlinga til Mariam Kara Ali har fått fleire gode tilbakemeldingar.
– Vi synest det er spennande og flott at ei såpass ung stemme, også med støtte frå familien sin, har lyst til å gi ut noko, seier Espejord.
– Det er ikkje berre veldig personleg, men også veldig aktuelt for veldig mange.
Forfatterforeningen: – Uvanleg
Bjørn Vatne, leiar av Den Norske forfattarforeininga, seier at det er svært uvanleg å gi ut ei bok før ein er 20 år gammal.
– Både ved dei store forlaga, og ved sjølvpubliseringsforlag og hybridforlag som Calidris, er dette uvanleg, fortel Vatne.
Bjørn Vatne, leiar av den norske forfattarforeininga,
Foto: Den norske Forfatterforening
Snittalderen på debutantar hos dei store forlaga ligg mellom 35 og 40 år, seier Vatne.
– Mange ønsker å skaffe seg eit anna yrke og legge seg opp pengar først, før dei tør å vie nok tid til å skrive. Forfattaryrket er usikkert og ikkje veldig lønnsamt for fleirtalet.
Han meiner unge forfattarar har ein stor styrke i at dei ikkje veit kva som er «rett» til ei kvar tid.
– Dei kjem med nye friske perspektiv, og har ofte stort mot. Risikoviljen kan vere med på å skape gode bøker, seier Vatne.
Mariam fortel at ho les mykje, og at bøker er ein stor del av livet hennar.
Foto: Julie Solvin Borgmo / NRK
Det er viktig at forlag satsar på unge forfattarar, ifølge Vatne.
– I vår tid, når skjermen lokkar og mykje av skrivearbeidet i samfunnet blir overlate til kunstig intelligens, er det ekstra viktig at vi stimulerer til at ein ny generasjon gode forfattarar veks fram.
Korleis gje ut ei bok?
- Les mykje, òg i sjangrar som er nye for deg.
- Skriv mykje fordi det er moro, og ikkje tenk på utgjeving i første omgang.
- Når du kjenner deg klar, del teksten med andre, i skrivegrupper eller på nett.
- Ein god stad å byrje kan vere å skrive om noko du veit spesielt mykje om, enten det er eigne erfaringar eller ei interesse du har.
- Hald den indre kritikaren din unna i første omgang, og berre skriv ferdig historia.
- Vit at førsteutkasta til sjølv etablerte forfattarar ofte er dårlege. Det er berre ein kladd, ikkje fortvil!
- Skriv om, og skriv om att. Det kan alltid bli litt betre.
- Når du har kome så langt du klarar på eiga hand, send inn til forlag.
- Ver førebudd på avslag, nesten alle får det først.
- Den som til slutt får noko utgjeve, er den som er villig til å aldri gje opp fordi skrivinga er ei glede i seg sjølv.
- Ein proff redaktør er gull verd! I tradisjonelle forlag er det ein del av pakken, i andre modellar kan det vere ei tilleggsteneste du betalar for.
- Det er òg mogleg å publisere sjølv, gjennom forlag som tilbyr slike tenester. Dette inneber meir risiko, sidan det både kostar pengar og krev meir arbeid av deg for å få selt boka, men kan òg gje høgare forteneste per bok.
Kjelde: Leiar av Den norske Forfatterforening, Bjørn Vatne.
– Mental helse er tabu
Kara Ali innrømmer at ho ikkje kjenner mange andre 18-åringar som har gitt ut ei diktsamling:
– Eg føler at eg aldri har greidd å identifisere meg med norma. Når eg skil meg ut, så kjenner eg meg mykje friarar, seier Kara Ali
Sjølv om boka nå finst i fleire nettbokhandlarar, er det ikkje viktig for Kara Ali å tene pengar på prosjektet.
– Eg har eit behov for å dele, og å uttrykke meg sjølv, seier Kari Ali.
Foto: Julie Solvin Borgmo / NRK
– Mental helse er framleis tabu for mange, og eg ønsker å vise at det er heilt normalt å ha det vanskeleg, seier ho.
Kara Ali er open for å gi ut fleire bøker, men først går turen til Universitetet i Oslo etter vidaregåande. Der skal ho studere filosofi.
– Det er mykje med samfunnet eg vil endre. Eg skulle ønske samfunnet var meir nysgjerrig på menneske som tenker annleis, seier Kara Ali bestemt.
– Eg skulle ønske at ein var mindre redd for forskjellar.
Publisert
28.12.2025, kl. 07.44