Klokka 01.18 natt til søndag fekk brannvesenet melding om røykutvikling frå eit sikringsskap i ein tomannsbustad i Kaupanger i Sogndal kommune.

To personar var i bustaden, kvinner i 50- og 20-åra. Dei måtte overnatte hos familie for natta, på grunn av mykje røyk i bustaden.

Klokka 02.05 hadde brannvesenet kontroll på brannen. Det er ikkje opplyst å vere personskader. Politiet opprettar sak.

Elles har det vore ei stille natt for politiet. I Sunnfjord er det ingen hendingar å melde om, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen til Firda.