I slutten av mars vann Sportsklubben Brann ein knusande siger i Cas, Den internasjonale valdgiftsretten for sport.

Den oppsiktsvekkande dommen slo fast at Uefa ikkje hadde grunnlag for å gje Brann ei bot på 5000 euro etter at supporterane ropte «Uefa mafia» i ein Champions League-kamp mellom Brann og St. Pölten i januar i fjor.

Uefa vart òg dømt til å betala Brann sine sakskostnadar.

Den mektigaste organisasjonen i europeisk idrett valde å svara på nederlaget med ein oppsiktsvekkande arroganse.

Ved første høve, faktisk før dei hadde betalt Brann sakskostnadane for ankesaka i valdgiftsretten, var Uefa sitt svar å gje Brann ei ny bot, på akkurat det same grunnlaget.

Denne gongen var det «Uefa mafia»-rop i heimekampen mot Red Bull Salzburg Uefa slo ned på.

Brann - RB Saltzburg på Brann stadion.

Etter heimekampen mot Red Bull Salzburg repporterte Uefa på nytt om kritiske tilrop. Svaret vart nok ei bot til Sportsklubben Brann. Denne gongen på 10 000 euro.
Foto: SKJALG EKELAND

Den mektige fotballorganisasjonen står likevel på sitt. Dei vil halda fram med å bøtelegga Brann og andre klubbar, om supporterane brukar orda Uefa og mafia i rop, songar, på flagg eller banner.

Problemet til Brann er at sigeren i Cas var så overlegen, at valdgiftsretten valde å ikkje gå heilt inn i kjernen i problematikken.

Planen var nemleg å behandla saka i to ledd:

  • Først skulle Cas ta stilling til om Brann og supporterane faktisk hadde handla i strid med Uefa sitt regelverk.
  • Deretter skulle Cas ta stilling om bota var eit rimeleg inngrep i ytringsfridommen til Brann-supporterane.

Regelverket det er snakk om, er disiplinærreglementet til Uefa, som skal sikra tryggleiken under fotballkampar arrangert av Uefa.

Reglane slår fast at klubbane er ansvarlege for oppførselen til supporterane under kampane.

Det går det fram at klubbane kan verta straffa om publikum brukar gestar, ord, gjenstandar eller andre middel for å formidla ein provoserande bodskap, som ikkje passar seg på eit idrettsarrangement. Særleg provoserande bodskapar av politisk, ideologisk, religiøs, eller støytande karakter.

I dommen frå Den internasjonale valdgiftsretten vert det konkludert med at ropet ikkje kan reknast som ein provoserande bodskap av støytande karakter, fordi det ikkje er ført bevis på at ropet har skapt farlege situasjonar, eller har oppfordra supportarar til å engasjera seg i aggressiv eller forstyrrande oppførsel.

I tillegg vann advokatane til Brann fram med at bruken av ordet «mafia» ikkje treng å bety at supporterane direkte hevdar at Uefa er ein kriminell organisasjon, slik Uefa argumenterte for.

Dei viste til at ordet mafia òg kan visa til «ei tett samanvevd gruppe menneske som er involvert i liknande aktivitetar og som hjelper og vernar kvarandre; nokon gongar til ulempe for andre», som er ei alternativ forklaring i engelske ordbøker.

Sidan Cas ikkje greidde å finna grunnlag for at Brann eller supporterane hadde handla i strid med regelverket, konkluderte dei med at det ikkje var grunn til å gå vidare til ei vurdering om bota var eit rimeleg inngrep i ytringsfridommen til supporterane.

Dommen tar dermed ikkje stilling til det mest prinsipielle. Nemleg om Uefa har rett til å bøtelegga supporterar som på provoserande vis kritiserer Uefa.

Ekstraordinært årsmøte i Brann

Kampen mot Uefa har kosta mykje tid og ressursar. Styreleiar Aslak Sverdrup har likevel stått på krava.
Foto: Skjalg Ekeland

Uefa bryr seg ikkje om det.

Den mektige fotballorganisasjonen hevar seg no over rettsapparatet i idretten. Det er både provoserande og urovekkande.

Uefa bør nemleg framleis ha ei elendig sak. Grunnen er at konteksten for ropa til Brann-supporterane er akkurat den same som Brann vart frikjend for i Cas.

Ropet har nemleg anten komme som ein respons på ei dommaravgjerd som har gått i mot Brann, eller som eit satirisk svar på Uefa sin respons på ytringane.

I Cas-dommen er nemleg begge desse perspektiva nemnd. Dommen tar nemleg òg for seg Brann-supporterane sitt svar på den første bota frå Uefa. I den neste Champions League-kampen mot Barcelona, troppa supporterane opp med ei rekke banner med den same påskrifta.

Likevel gir Uefa-pampane blaffen i konklusjonen til valdgiftsretten.

Ikkje nok med det. Sjølv om Cas aldri tok stilling til om Uefa-bota var eit rimeleg inngrep mot ytringsfridommen til supporterane, inneheldt rettsdokumenta Uefa sin argumentasjon.

Her snakkar me skremmande lesing.

Uefa brukte nemleg både tid og krefter på å argumentera for at dei ikkje er bundne av formuleringane om ytringsfridom i Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Sjølv om den nemnde konvensjonen formelt sett er ein avtale mellom statar, høyrer det ingen plass heime at den mektigaste idrettsorganisasjonen på kontinentet ikkje skal retta seg etter denne.

Her må Norges fotballforbund og fotballpresident Lise Klaveness tydeleg på bana, og flagga tydeleg standpunkt. Klaveness, som til og med sit i styret i Uefa, kan ikkje akseptera å vera ein del av eit system som undergrev heilt elementære menneskerettar.

Marbella , Spania  20250320. 
President i Norges Fotballforbund, Lise Klaveness under en trening med Norges herrelandslag i fotball på Marbella Football Center.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Fotballpresident Lise Klaveness sit òg i styret i Uefa.
Foto: Fredrik Varfjell

Uefa må rett og slett finna seg i denne typen kritikk, sjølv om dei måtte oppfatta kritikken både som urimeleg og vond.

Her er det nemleg heilt elementære europeiske verdiar som står på spel.

I staden brukar Uefa reglar som skal hindra rasisme, hatytringar og oppfordringar om vald, til å setta seg sjølv i ei særs ynkeleg offerrolle. Ja, det er under overskrifta «diskriminerande oppførsel» Uefa finn det passande å rapportera om at dei sjølv vert utsett for satirisk kritikk.

Det er under overskrifta «diskriminerande oppførsel» Uefa har fått for vane å rapportera inn Brann-supporterane. Her var rapportern som starta heile saka for Brann sin del.

Tidlegare denne sesongen vart Klaveness utsett for tilsvarande maktkritikk nettopp på Brann Stadion. Same dag som Brann kunne fortelja at dei med hjelp frå fotballforbundet hadde vunne fram i Cas, vart Klaveness møtt av ein bodskap om at ho ikkje var velkommen til Bergen frå Store Stå.

Akkurat som med «Uefa mafia»-ropet kan bodskapen diskuterast. Likevel var det heldigvis ingen som tok til orde for at ytringa burde møtast med bøter og sanksjonar.

Det er akkurat det Uefa driv på med. Det bør verkeleg uroa norsk fotball.

For Sportsklubben Brann er det ingen veg tilbake.

Dette har vorte ei sak som har vorte heilt umogleg å gje seg på. At Uefa ikkje berre vel å neglisjera ein tydeleg dom frå Den internasjonale valdgiftsretten, men ser ut til å forfølga Brann med bøter i strid med dommen, er eit angrep på både rettstryggleik og ytringsfridom.

Christian Kalvenes, Aslak Sverdrup og to advokater hadde pressekonferanse på Brann Stadion om Uefa-mafia saken.
UEFA.

Christian Kalvenes, advokatane Jan Magne Isaksen og Erlend Aarli, og styreleiar Aslak Sverdrup på ein pressekonferanse om saka mot Uefa.
Foto: ANDERS KJØLEN

Håpet er at Cas tar saka opp på nytt. Denne gongen med ein tydleg prinsipiell beskjed til Uefa; nemleg at ytringsfridommen òg gjeld når kritikken vert retta mot mektige fotballorganisasjonar.

Det er synd. Det er ikkje slikt eit idrettslag med sportslege ambisjonar skal bruka tid og krefter på. Brann har likevel ikkje noko val. Det krev òg disiplin frå supporterane si side. Nemleg å unngå at reaksjonen vert tilstandar som kan tolkast som trugande eller farlege. Då kan Brann hamna i trøbbel.

Men, forresten, kva kallar ein eigentleg organisasjonar som hevar seg over rettsapparatet, tyr til gjengjelding mot dei som har utsett dei for kritikk, og i tillegg hevar seg over elementære menneskerettar?

I Cambridge dictionary står det som nemnd ein ganske grei definisjon på slikt: «Ei tett samanvevd gruppe menneske som er involvert i liknande aktivitetar og som hjelper og vernar kvarandre; nokon gongar til ulempe for andre».

Det er faktisk ein av definisjonane på ordet «mafia», det. Og det er dessverre ei ganske presis, og ganske snill, skildring av stoda i det europeiske fotballforbundet.