Klokka 10.09 fekk politiet melding om ei singelulykke på sørsida av Magnhilskartunnelen i Kinn kommune.

Ein bil med tre personar har køyrt av vegen. Bilen ligg på taket i ei skråning, opplyser Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Alle er vakne og dei blir sett til av helsepersonell på staden.

Klokka 11.21 melder politiet at alle tre blir tatt med til legevakt i Florø.

Eitt køyrefelt er opent.

Sjølv om bilbergar rykte ut til staden med det same, har det vist seg at det må ekstra mannskap til for å klare å berge køyretøyet. Difor melder politiet klokka 11:45 at bilberginga blir utsett til ekstra bergingsbil er på plass. Det er ikkje opplyst når dette vil bli.

Vegen er skilta med redusert framkomst på staden.

Sjølv om det ikkje er mistanke om ruskøyring, fortel Rebnord at politiet vil opprette sak på hendinga.

– Naudetatane avsluttar på staden.