Politiet melder om ei frontulykke mellom personbil og varebil på E39 ved Bekkjevatnet.
Det er til saman fire personar involvert i ulykka. Alle er blitt sende til legevakt for vidare sjekk.
– Dei er prega av hendinga. Dei har sloppe lett unna, seier Joachim Malterud, innsatsleiar på staden.
Politiet har ikkje fått prata med dei involverte enno.
– Akkurat omstende og korleis ulykka har skjedd må vi kome tilbake til, seier han.
Bilbergar er på staden. Ingen av bilane er køyrbare.
Malterud fortel at det også er skadar på autovernet. Dei mistenker ikkje ruskøyring.
Eitt køyrefelt er opent. Det er manuell dirigering på staden.
Klokka 12.00 melder politiet at skadestaden er rydda og at vegen er open for fri ferdesl.
Firda kjem tilbake med meir.