Saka samanfatta:

  • Perlemorskyer er eit sjeldan og fascinerande vêrfenomen som har blitt observert fleire stader i Noreg dei siste dagane.
  • Skyene ligg svært høgt i atmosfæren, på 20-30.000 meters høgde, og er så tynne at dei berre blir lyst opp av sola, noko som skaper dei vakre fargane.
  • Meteorolog Magnus Ovhed forklarer at vêret no er i ferd med å endre seg, og at det kan bli vanskelegare å sjå desse skyene framover.
  • Observasjonar av perlemorskyer krev at ein er observant, då dei er lette å gå glipp av.
  • Fleire nordmenn, som Kristine Kiran og Sissel Hatlem, har delt sine opplevingar og bilete av fenomenet.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Folk over heile landet har observert dei fargerike perlemorskyene dei siste dagane.

Kristine Kiran på Smøla i Nordmøre er ein av dei.

– Det var artig, for det er eitt år sidan eg såg det sist, på denne datoen, skriv ho i ei tekstmelding.

  • Perlemorsky på Smøla

    Perlemorsky over Smøla

    Foto: Kristine Kiran

  • Perlemorsky på Smøla

    Perlemorsky over Smøla

    Foto: Kristine Kiran

  • Perlemorsky på Smøla

    Perlemorsky over Smøla

    Foto: Kristine Kiran

Kiran tar mykje bilde av naturen, og forklarer at ho må ta bilde kvar gong ho ser noko fint.

Ho har ikkje teljinga på kor mange gonger ho har sett perlemorsky før, men synest det er spennande kvar gong ho ser det.

– Det er fint, fascinerande og sjeldan.

  • Perlemorsky i Kautokeino

    Perlemorsky over Kautokeino

    Foto: Marianne Isaksdatter Triumf

  • Perlemorsky i Kautokeino

    Perlemorsky over Kautokeino

    Foto: Marianne Isaksdatter Triumf

  • Perlemorsky i Kautokeino

    Perlemorsky over Kautokeino

    Foto: Marianne Isaksdatter Triumf

Lett å gå glipp av

Magnus Ovhed er statsmeteorolog, og forklarer korleis fenomenet blir til.

– Det er veldig høge skyar. Dei ligg vesentleg høgare oppe enn dei andre skyene. Dei ligg som regel på 20.-30.000 meters høgde, så det er to-tre gonger høgare enn dei høgaste skyene ein ser på sommaren.

Perlemorsky over en fjellkjede i solnedgang.

Perlemorsky over Otta.

Foto: Gunnar Rise

Han forklarer at desse skyene er veldig tynne, og at det ikkje er så mykje fukt så høgt oppe i atmosfæren.

– Skyene blir lyst opp av sola, men ikkje himmelen. Så då får ein desse flotte fargane.

Men berre dei heldige har fått moglegheita til å sjå perlemorskyer den siste tida. Ifølgje meteorologen er vêret i ferd med å snu.

– Det ser ut som at det blir litt anna luftstraum med meir nordleg vind no, så då får vi neppe dei same skyene.

– Det er berre å nyte. Eg har sjølv sett dei nokre gonger, men det gjeld å vere observant og sjå etter dei, elles er dei lette å gå glipp av.

  • Perlemorsky over Båtsfjord

    Perlemorsky over Båtsfjord

    Foto: Marie Fagerheim

  • Perlemorsky over Båtsfjord

    Perlemorsky over Båtsfjord

    Foto: Marie Fagerheim

  • Perlemorsky over Båtsfjord

    Perlemorsky over Båtsfjord

    Foto: Marie Fagerheim

Fascinerande fenomen

Også Sissel Hatlem i Ytre Sogn observerte vêrfenomenet. Ho stod opp måndag morgon, og spratt opp for å knipse eit bilete i det ho såg kva som var utanfor vindauget.

– Eg opna soveromsgardinene i 9-tida, det er jo jul, så då kan ein liggje lenge, seier ho med eit glis. Då såg eg desse to skyene, og det var berre så fantastisk.

Ho synest det er ein fascinerande fenomen, og kan berre hugse å ha sett det éin gong før.

– Det var for nokre år sidan, og det var faktisk også rundt juletider.

  • Perlemorsky over Ytre Sogn

    Perlemorsky over Ytre Sogn

    Foto: Sissel Hatlem

  • Perlemorsky over Ytre Sogn

    Perlemorsky over Ytre Sogn

    Foto: Sissel Hatlem

Publisert

29.12.2025, kl. 15.44

Oppdatert

29.12.2025, kl. 17.23