Saka oppsummert
- Tusenvis av elbilar kjem til Noreg rett før nye momsregler trer i kraft 1. januar.
- Bilane må vere i Noreg før nyttår for å unngå moms.
- For heile bilbransjen har jula vore veldig travel.
- På hamna i Drammen har det komme 30.000 bilar dei siste månadene, noko som er rekord.
- Den nye momsgrensa gjer bilane inntil 50.000 kronar dyrare etter nyttår.
- Prisen skal bli høgare i åra som kjem, og bilbransjen trur at 2026 blir eit travelt år.
Oppsummeringa er laga av ekte intelligens.
– Det er alle mann til pumpene, seier Volvo-forhandlar Jan Petter Myklebust i Førde.
Han har droppa juleferien på grunn av dei nye momsreglane som trer i kraft ved nyttår. Då blir nye elbilar opptil 50.000 kronar dyrare.
I alle ledd jobbar bilbransjen no på spreng.
– Det er skikkeleg trøkk i utleveringane i heile Noreg. Både lokalt og nasjonalt går det mot rekord, seier Myklebust.
Det er lite juleferie å få for Volvo-forhandlaren i Førde. I midten står Jan Petter Myklebust.
Foto: NRK
Må vere i Noreg før nyttår
For at bilane skal unngå ekstra moms, må dei stå på norsk jord innan fyrverkeriet smeller.
På landets største hamn for bilimport i Drammen har dei stått på døgnet rundt.
– Vi har fått inn over 30.000 biler dei to siste månadene. Det er ny rekord, seier Tom Egil Johannesen, losse- og importansvarleg hos Motorships AS.
Tom Egil Johannesen seier dei har lossa 30.000 bilar på hamna i Drammen dei siste månadane.
Foto: Nicolai Frøystad Delebekk / NRK
To store skip med bilar har allereie komme til hamna denne veka, med nær 2000 bilar som skal i land.
– Og så tek vi nyttårsferie, før vi er over til normalen igjen frå 2. januar, seier Johannesen.
Bilar frå to store skip skal i land denne veka i Drammen.
Foto: Nicolai Frøystad Delebekk / NRK
Trur på sterkt 2026
Det var i haust at regjeringa kunngjorde at elbilar skal koste meir i moms – inntil 50.000 ekstra frå 1. januar 2026.
Det førte til kraftig auke i salet.
I november vart det registrert 70 prosent fleire bilar enn november i 2024, ifølge Opplysningsrådet for Veitrafikken.
I desember er over 26.000 bilar registrert, ifølge førebelse tal – nær dobbelt så mange som i heile desember i fjor.
Ulf Tore Hekneby i Noregs største bilimportør trur at det sterke bilsalet held fram i 2026.
Foto: Mia Modalsli Tesaker / NRK
Det er bilimportørane som har ansvaret for å få bilane til Noreg.
For den største bilimportøren, Harald A. Møller, har julestria vore eksepsjonelt stri.
– I år er det veldig lite juleferie på oss som jobbar i systemet vårt. No står vi på for å få bilane ut til kundane våre, seier Ulf Tore Hekneby, sjef i Harald A. Møller.
Moms på elbil
25 prosent moms på prisen som er over momsgrensa:
2025: Moms over 500.000 kroner
2026: Moms over 300.000 kroner
2027: Moms over 150.000 kroner
2028: Ingen momsfritak
I 2027 og 2028 ligg det an til enda meir moms på elbilar. Bilbransjen reknar derfor med at dei blir travelt også til neste år.
Harald A. Møller trur det blir seld 170.000 personbilar til neste år, tett opp mot rekord.
I bilbyen Førde har telefonen gått varmt hos Frydenbø Bil.
Foto: Nils Ole Refvik / NRK
Likevel kan det bli ein liten pust i bakken på nyåret etter eit heftig momskappløp.
– Det har vore ein heftig, men givande haust, seier Jan Petter Myklebust i Førde.
Publisert
30.12.2025, kl. 05.30