– Naudetatane har fått melding om ein lastebil som har køyrd av vegen og hamna på sida, opplyser operasjonsleiar Christopher James White.

Naudetatane er på veg til ulykka i Inderøy.

– Føraren var ikkje på staden, fortel White til NRK.

– Det er eit vindauge som er ope, så han har tydelegvis klatra ut det også veit vi ikkje kor han har gått etter det.

Klokka 9.33 fortel politiet at dei har kome i kontakt med føraren som er uskadd.

Tysdag er det sendt ut gult farevarsel for mykje snø og snøfokk i Trøndelag, Nordland, delar av Troms og Finnmark.

Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold

I delar av landet kjem det mykje snø tysdag morgon.

Fleire trafikkulykker

I Trøndelag har det vore fleire trafikkuhell i morgontimane.

– Det merkast at det har snødd og det er glatt på mange vegar, seier White.

– Det er ein del mindre ulykker, så vi må prioritere kva naudetatane skal rykke ut på og kva folk må løyse sjølv.

Et lastebil har veltet på en snødekt vei, med snø og is som dekker både kjøretøyet og omgivelsene. Lastebilen ligger på siden, mens en rød markør står ved veien. I bakgrunnen er det skogområder og en høyde. Veien er delvis dekket av snø, og det er spor etter kjøretøy. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Føraren av lastebilen som køyrde ut i svingen i Inderøy er uskadd.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Operasjonsleiaren peiker på at folk må køyre etter forhalda når føret er krevjande.

I Malvik har ein buss punktert i sørgåande felt på E6.

– Dette medfører ein del trafikale problem, skriv White.

På Orkdalsvegen i Rennebu har ein bil køyrt i grøfta. Politiet opplyser at det er svært glatt på staden.

– Lite skader på køyretøyet, så politiet køyrer ikkje på denne utforkøyringa, skrive White.

Det har kome mykje snø det siste døgnet nord i Trøndelag. I Namsos arbeider brøytebilen for å rydde vegen.

FOTO: Espen Sandmo

Torgeir Nilsen i Vegtrafikksentralen fortel at det har vore ein god del trafikkuhell.

– Det har nyleg kome ganske mykje snø i delar av Trøndelag, fortel Nilsen.

– Og nokon er ikkje heilt på ballen enno med tanke på at det ikkje lenger er bar veg.

Nilsen oppfordrar folk til å ta det med ro og køyr etter forhalda.

Kolonnekøyring fleire stadar i Finnmark

For delar av Finnmark er det sendt ut gult farevarsel for kraftig snøfokk.

Dette skaper lokalt vanskelege køyreforhold på vegane.

Bommen er nede ved Hopseidet på fylkesvei 888.

Mellom Hopseidet og Bakkarfjord er det kolonnekøyring.

Foto: Statens Vegvesen

E69 mellom Skarsvåg og Nordkapp er stengt som følge av uvêr.

Over Ifjordfjellet er det kolonnekøyring. Det er det også på fylkesveg 888 mellom Bakkarfjord og Hopseidet, samt mellom Mehamn og Gamvikbukta.

Publisert

30.12.2025, kl. 09.17

Oppdatert

30.12.2025, kl. 10.19