E16 Gudvangatunellen vart tysdag klokka 13.14 stengd, grunna brann i eit køyretøy. Ein bil var opplyst å stå om lag 7-8 kilometer inne i Gudvangatunnelen, frå Gudvangen-sida. Det skal ha komme røyk frå undersida av bilen, og personar på staden hadde starta sløkking med brannsløkkingsapparat.
Naudetatane var då på veg, og omfanget av brannen var per då ukjent.
Vegtrafikksentralen tok valet med å stengje tunnelen, og den vart også evakuert.
Klokka 13.21 var brannvesenet framme på staden.
110 Vest melde like etter at det ikkje brann, etter at publikum og andre bilistar hadde klart å slå ned brannen med pulver før brannvesenet kom til staden.
Brannmannskap frå staden var sendt frå Aurland og Voss, og dei kontrollerte køyretøyet med varmesøkande kamera, og etterkjølte med vatn.
Klokka 14.09 vart tunnelen opn att for fri ferdsel.
Les meir om: artikkelemnene