Saken samanfatta
- Mange hundar, som Lykke, opplever stor frykt for rakettar og treng roande middel for å takle nyttårsaftan.
- Veterinærar oppmodar eigarar til å starte førebuingane tidleg, inkludert å prøve ut medisinar og feromonprodukt.
- Beroligande middel må skrivast ut av veterinær, og det er viktig å finne rett middel for kvar enkelt hund.
- Tiltak som mørke gardiner, roleg musikk, og å vere saman med kjæledyret kan redusere stresset.
- Lang tur og eit stort måltid tidleg på dagen kan hjelpe hunden med å slappe av før feiringa.
- Rundt 50 % av alle hundar og 20 % av kattar blir redde på nyttårsaftan, og for nokre kan frykta utvikle seg til fobi.
————————————-
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Ho blir skjelven og stressar skikkeleg. Så prøver ho febrilsk å gøyme seg bak TV-benken, seier Espen Grøstad.
Den vesle hunden hans blir frå seg av frykt når ho høyrer og luktar rakettar.
– Lykke må skånast så godt vi klarer. Vi har prøvd fleire ulike medisinar for å prøve å hjelpe henne, seier Grøstad.
Veterinærar opplever at fleire hundeeigarar ber om avslappande medisinar til dyret sitt for å takle nyttårsaftan.
– Mange desperate eigarar ringer oss, fordi hunden deira er veldig redd. Dersom du fryktar at hunden din kan bli skremt og treng medisin, er det lurt å kontakte veterinær nå.
Det seier veterinær Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk.
I denne saka kan du lese om korleis kjæledyret ditt kan få ei meir harmonisk feiring.
←
Hunden Lykke treng ekstra avslappande når rakettene blir skotne opp.
Foto: Håvard Axel Kator / NRK
Når Lykke blir redd for smellane er eigar Espen Grøstad der med mykje kjærleik.
Foto: Håvard Axel Kator / NRK
Espen Grøstad og Lykke er trygge på kvarandre og har fått ei betre nyttårsfeiring.
Foto: Håvard Axel Kator / NRK
→
Livredd for rakettar
Det starta med ein høg lyd for nokre år sidan.
Sidan den gongen har den ni år gamle dansk-svenske gardshunden hatt rakettane som fiende.
– Vi må gi henne medisinar heile året for å førebygge frykta. Når nyttår nærmar seg set vi i tillegg på ein duftspreiar med tryggleiksferomon for auka roande effekt, seier Grøstad.
Dersom hunden din er frykteleg nervøs på nyttårsaftan kan du be veterinæren om å skrive ut ein resept på avslappande middel. Men, rekn gjerne litt tid for å finne rett medisin for hunden din.
Foto: Håvard Axel Kator / NRK
Familien har brukt fleire tusen kroner på åtferdstrening og på å finne den beste medisinen for Lykke.
Og mørke gardiner.
– Når klokka blir kvart på tolv må enten kona eller eg ta med oss hunden inn på eit rom med dunkel belysning. Her må vi sitte og lytte til radioen saman med Lykke, mens rakettane smeller seg ferdig der ute.
– Blir ikkje det litt stussleg feiring for dykk?
– Det tenker vi ikkje på eingong for det er den beste måten å hjelpe henne på, seier Grøstad og stryk Lykke over hovudet.
Les veterinær Lilleholt sine råd for korleis du kan skåne kjæledyret ditt på nyttårsaftan.
Blir hunden eller katten redd for rakettane?
Ja, det er like ille kvart år.
Nei, heldigvis ikkje.
Eg har flytta langt frå folk, for å verne dyret mitt.
Vis resultat
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Slik hjelper du kjæledyret ditt:
-
Ein måte å venne hunden og katten din til høge smell på er å spele av fyrverkerilydar. Start i god tid med så låg lyd at hunden ikkje reagerer, og auk volumet gradvis.
-
Nokre hundar får heilt panikk på nyttårsaftan, og kan trenge avslappande medisinar for å unngå at dei hamnar i sjokktilstand.
-
Kosttilskot og feromon har best effekt etter eit par veker, og enkelte medisinar etter nokre dagars bruk. Hugs at medisinar til dyr er reseptbelagt.
-
Avslappande medisinar utskrive til eitt dyr skal aldri delast med eit anna dyr.
-
Gå gjerne dei lengste turane på dagen på nyttårsaftan for å unngå overraskande smell.
-
Har du høve til å reise til fjells eller ein annan stad med mindre bråk, er dette det beste for dyra. Om du kan det, bør du dra for gardiner og slå på TV eller radio i god tid før midnatt og halde dyret med selskap.
-
Sørg for at dyret har ID-merking. Da kan du bli kontakta viss dyret kjem bort.
Tips frå veterinær Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk.
Desperate eigarar
Veterinærforeininga peikar på at auken i bruken av medisinar kan henge saman med at fleire bur i byar, og at fleire hundar er sensitive.
– Skarpe lydar står på lista over det ein bør øve på med kvalpen. Viss nyttårsaftan blir eit sjokk så får du gjerne ein hund med eit problem for alltid, seier leiar for Smådyrpraktiserende Veterinærers Forening, Hilde Røssland.
Ei anna årsak til at fleire hundar får avslappande medisinar kan vere at eigarane er flinke til å be om hjelp.
Det seier veterinær Camilla Lilleholt ved Agder Dyreklinikk.
– Dagens hundeeigarar undersøker mykje sjølv, og eg synest det er bra at fleire brukar medisinar når det trengst. Da slepper hundar unødvendig stress.
Ifølge Lilleholt blir om lag 50 prosent av alle hundar og 20 prosent av alle kattar redde på nyttårsaftan.
– Hos rundt 20 prosent av hundane er frykta så sterk at ho utviklar seg til fobi.
Veterinær Camilla Lilleholt saman med hunden Lykke og eigar Espen Grøstad. Lilleholt hjelper mange hundar som er redde for rakettar.
Foto: Håvard Axel Kator / NRK
Roleg julemusikk
For Lykke er besøket hos veterinæren endeleg ferdig, og ho drar utolmodig i bandet.
– Vi legg alltid opp til ein lang tur på dagtid, og eit stort måltid for å gjere henne søvnig før feiringa startar, seier Grøstad.
– Blir de i familien også stressa når Lykke strevar?
– Ja, det er klart vi kjenner på det for vi ser jo kor redd ho blir. Men, medisinane, roleg julemusikk og kos hjelper mykje, seier han.
9 år gamle Lykke er ein kosehund, men når det smell i rakettane blir ho vettskremt. Da er eigar Espen Grøstad god å ha.
Foto: Håvard Axel Kator / NRK
Publisert
30.12.2025, kl. 12.00