Klokka 11.38 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på Oppedalsvegen ved Holvika i Kinn kommune.

Det var ei singelulykke med to menn involvert. Ingen av dei skal vere skadde.

Bilen hadde sklidd og køyrt inn i ein mur.

Køyretøyet er flytta ut av vegen, og det er ikkje trafikale problem på staden. Bilbergar er bestilt.

Politiet avsluttar på staden, og det blir ikkje oppretta sak.