– Det er ikkje alle i dekningsområdet vårt som har lyst på tittelen Årets sunnfjording. Difor endra vi det til Årets namn, seier Roy Sunde.

Han sit i juryen saman med Firda-journalist Jorid Lothe og Marie Havnen, seniorrådgivar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Du kan no foreslå dine favorittar til heiderstittelen Årets namn.

– Fristen for å nominere er søndag 4. januar, seier Jorid Lothe.

Kven kan du nominere?

Det ligg ingen føringar bak kven du kan foreslå.

– Det ligg kanskje litt i tittelen at det er folk som har utmerkt seg på positivt vis, seier Lothe.

Målet er eit breitt utval av nominerte menn og kvinner i alle aldrar. Det kan vere folk som har utmerkt seg i kulturlivet, sportsleg, eller har gjort noko bra for andre i 2025.

Einaste føringa er at personen må ha tilknyting til Firda sitt dekningsområde: Sunnfjord, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Gloppen og Høyanger. Ein treng heller ikkje å ha vore omtalt i Firda sine spalter.

Du nominerer, juryen vel ut – folket stemmer

Juryen vil plukke ut finalistar frå dei nominerte 5. januar. Desse blir så presentert i ein serie artiklar i Firda fram mot Sunnfjordgalla.

– Når dei er presenterte opnar avstemminga, der du kan stemme fram din favoritt, seier Marie Havnen.

Prisen for årets namn blir delt ut under Sunnfjordgallaen 24. januar.

Sunnfjordgallaen

  • Årleg prisutdeling på nyåret der sunnfjordingar blir heidra og får prisar i ulike kategoriar.
  • Første gong arrangert i 2024. Laurdag 24. januar 2026 er det duka for den tredje gallaen.
  • Går føre seg i Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, i form av ein festleg gallakveld med middag og underhaldning.
  • Arrangøren er FINS Aktivitet, i samarbeid med Hending og hotellet.
  • Kven som helst kan nominere sunnfjordingar frå 29. desember av.

Vinnarane i 2024.

Vinnarane i 2025.

Kategoriar denne gongen

  • Årets namn
  • Årets generalkonsul
  • Årets idrettsprestasjon
  • Årets grendalag
  • Årets kremmar
  • Årets lærling
  • Årets bonde
  • Årets tilflyttar

Les også

Saif miste munn og mæle då han møtte Margunn. 15 år seinare vart han angedøl

Les også

Dette er ei historie om årets handverkar, ADHD og kjærleik. I tilfeldig rekkefølge