Klokka 12.50 fekk Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melding om ei kvinne på i Øvre Årdal som hadde falle på fjellet Ramneberg. Kvinna skal ha skadd skuldra i fallet.

Det er sendt opp mannskap frå lokalt brannvesen, helse og frivillige for å hjelpe.

Politiet melder vidare at kvinna er saman med andre på turen, og at posisjonen der fallulykka skal ha skjedd er kjent.

Klokka 14.04 skal brann og helse vere framme på staden.

Det er også sendt eit redningshelikopter mot staden for å hjelpe til med å få kvinna frakta ned.

Like over klokka 15.00 er redningsheilkopteret på staden, og redningsmann er i kontakt med pasienten, melder operasjonssentralen.

Firda oppdaterer saka.