Ut på køyretur på sjølvaste nyttårsaftan? Då bør vinkar Meteorologisk institutt eit lite obs til deg i form av eit farevarsel, om ferda går i Vestland eller Rogaland.

På yr.no skriv dei at det i dag er lokal fare for is, grunna overgangen til mildvêr og regn som frys til is på kald bakke.

– Nedbøren kan enkelte stader starte som snø eller sludd, skriv dei.

Farevarselet gjeld som nemnt primært for delar av Vestland og Rogaland, og det skisserte området ser du i kartet i toppen.

Om ferda går lenger, spesifikt over Vikafjellet, Hardangervidda eller Haukelifjell, melder meteorologane vidare at det er venta lokalt kraftig snøfokk i fjellet grunna sterk vind frå vest, i kombinasjon med snøbyer.

Grunna dette er det sendt ut eit farevarsel, som gjeld frå kvelden nyttårsaftan, til morgonen etter.

Oppdaterte statusar for fjellovergangane kan du elles sjå her.

SNØFOKK: Den markerte sona syner kvar det er varsla kraftig snøfokk frå kvelden av, nyttårsaftan.
Foto: Yr.no