På den elles travle marknaden, eller bazaaren, i Teheran held dei fleste butikkane stengt i dag.

Søndag stupte valutaen i landet, rial. I ein allereie pressa økonomi, stengde seljarar butikkane sine og tok til gatene.

Protestane starta som kritikk mot den dårlege økonomiske styringa i landet, men det gjekk ikkje lang tid før demonstrantane bad om at styresmaktene må gå av.

Bildet viser en travel gate med mange mennesker som ferdes. Det er flere butikker langs kantene, og lys fra butikkene lyser opp området. Noen personer står eller går i midten av gaten, mens andre er synlige i omgivelsene. Gatebelysning og en arkitektur som tyder på en overbygd plass gir kontekst til scenen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tehran Grand Bazaar er vanlegvis ein livleg marknad. I dag er det mykje stillare enn vanleg.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

Tysdag kopla også studentar ved universiteta i hovudstaden Teheran på, melder lokale medium.

Protestane blir skildra som dei største sidan protestane etter drapet på Masha Amini i 2022. Det var sist gong det iranske folk kollektivt kravde regimeendring.

På smerteterskelen

Har du sett videoen av han som sit på bakken framfor tryggingsstyrkar i Teheran?

– Ja, ja, sjølvsagt, seier Pardis Shafafi.

– Det han gjer er utruleg farleg og modig. At biletet går viralt er det absolutt verste som kan skje i styresmaktene sine auge.

Ho peikar på at han står opp mot eit undertrykkande regime som har styrt økonomien feil i mange år.

No er smerteterskelen nådd.

Slagord om fridom

Så langt har demonstrasjonane vore fredelegare enn tilsvarande tidlegare protestar.

– Styresmaktene har ikkje vist ekstrem vald så langt fordi dei prøvar å framstille protestane som berre økonomiske klagar.

Det seier postdoktor ved NTNU Banafsheh Ranji.

Fleire stemmer frå styresmaktene har dei siste dagane understreka at fredelege demonstrasjonar mot økonomien er iranarar sin rett, men:

– Alle forsøk på å snu desse økonomiske protestane til å bli eit verktøy for ustabilitet (…) vil bli møtt med ein rettsleg, proporsjonal og avgjerande respons, seier statsadvokat Mohammad Movahedi-Azad til statleg medium i landet.

Videoane frå gatene i Teheran fortel at for demonstrantane handlar det nettopp om mykje meir enn økonomi.

– Fridom! ropar store folkemengder i ein video.

Shafafi meiner det ikkje finst noko slikt som reine økonomiske protestar. I alle fall ikkje i Iran. Sjølv om økonomien trigga desse demonstrasjonane, er dei alltid politiske og det ligg alltid under undertrykking av all opposisjon.

I ein annan video ropar dei «mullaane må forsvinne», med referanse til dei islamske styresmaktene.

«Mullaane må forsvinne» ropar folkemengdene i Teheran.

Nokre ropar slagord for å ta tilbake monarkiet Iran hadde før revolusjonen i 1979 og veivar med monariket sitt flagg. Men opposisjonen i Iran er splitta.

Triggingspunktet valutastup

Det var likevel stupet i valutakursen som fekk butikkeigarar, og etter kvart studentar, til å ta til gatene søndag.

Sidan i sommar har verdien på valutaen i Iran sokke med 40 prosent mot dollaren.

Det har ført til dårlegare levestandardar. Mykje er blitt mykje dyrare.

Inflasjonsraten i desember steig til 42,4 prosent samanlikna med same tid i fjor. Det er 1,8 prosent høgare enn førre månad.

Mat har blitt 72 prosent dyrare. Prisen på helse- og medisinvarer har auka med 50 prosent frå desember i fjor. Det melder det nasjonale statistiske senteret i Iran.

Marked er fylte med fersk frukt og grønnsaker, som bananer, appelsiner og hvitløk. To personer går mellom bodene, mens det er flere andre kunder i bakgrunnen. Lys fra taklamper belyser scenen, og bakken ser våt ut, kanskje etter regn. Omgivelsene gir en livlig stemning av et travelt marked. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ein handletur på ein iransk marknad har i snitt blitt 72 prosent dyrare det siste året. Fleire slit med å få endane til å møtest.

Foto: Vahid Salemi / AP / NTB

Verdien av sparepengane til iranarar blir berre mindre og mindre. Det uroar ein heil nasjon.

Tala kan byrje å minne om hyperinflasjon – ein prisvekst ute av kontroll.

Til og med bensinen er blitt dyrare. Det er første gong på seks år. Billeg bensin blir rekna som nær ein fødselsrett i Iran. Innbyggarane er vande med at dei elles upopulære styresmaktene subsidierer bensinprisane. I 2019 blei over 100 menneske drepne i protestane som følgde prisauken.

Også denne gongen blei økonomien brukt som eit bevis på styresmaktenene sitt vanstyre av Iran.

– Styresmaktene kjem til å skulde på dei internasjonale sanksjonane, men det er berre éi side av historia. Det handlar også mykje om dårleg økonomisk styring og korrupsjon i mange år, seier antropolog Shafafi.

Ein video frå sosiale medium viser at politiet blir pressa tilbake av demonstrantane.

Denne videoen frå X viser at politiet blir pressa tilbake av demonstrantar.

– Éin faktor kan ikkje forklare kvifor økonomien er så ustabil. Det er ein blanding av korrupsjon, dårleg styring av staten og internasjonale sanksjonar.

– Legitime krav

Presidenten i landet Masoud Pezeshkian har tysdag bede regjeringa hans om å lytte til demonstrantane sine «legitime krav». Han seier han møter dei med dialog.

Ein talsperson for myndigheitene, Fatameh Mohajerani, sa tysdag at dei anerkjenner protestane og det dei protesterer for.

– Styresmaktene vil lytte med tolmod, også til dei harde stemmene. Vi trur folket vårt er tolmodige, så når dei hevar røystene sine er det fordi dei er under høgt press, seier ho.

– Dei seier kanskje det, men det kjem overhovud ikkje til å skje. I alle fall ikkje i praksis, seier Pardis Shafafi.

Ho trur det er ein måte for iranske styresmakter å vise overfor resten av verda at dei har lært frå Amini-protestane i 2022.

– Det er ingenting anna enn ei framvising for omverda og internasjonal presse, seier ho.

NRK har verifisert fleire videoar som viser store folkemengder som demonstrerer i Iran. Vi har verifisert at videoane er filma i sentrum av Teheran, og er filma i løpet av de siste dagane.

Slik jobber NRK med verifisering

Ved mange store hendelser blir det delt store mengder bilder og video fra partene og berørte mennesker.

Disse bildene og videoene kan gi viktig informasjon om hendelsen.

NRKs journalister jobber derfor aktivt med å verifisere informasjon og visuelt materiale som deles på nettet ved slike hendelser.

Dette gjør vi blant annet ved å:

  • Undersøke og så langt som mulig bekrefte hvor en video eller et bilde er tatt, og hvem som har tatt det
  • Undersøke at videoen eller bildet er nytt og ikke publisert andre steder tidligere
  • Undersøke hva bildet eller videoen viser og sjekke om dette stemmer overens med det vi vet om situasjonen på bakken
  • Vurdere om bildet eller videoen kan være laget av, eller endret ved hjelp av kunstig intelligens
  • Ta til etteretning parters intensjon ved å dele slikt materiale

Postdoktor Ranji trur Iran berre har sett starten på demonstrasjonane som starta i helga.

Likar du å følge med på det som skjer i verda? Endeleg gode nyhende! Her er podkasten for deg:

Publisert

30.12.2025, kl. 22.08

Oppdatert

31.12.2025, kl. 12.26