Ottar Skår gjekk bort 26. desember. Han blei 85 år gamal.

Seimaren var ei legende innan friidretten i Nordhordland. Sauebonden la ned tallause dugnadstimar på idrettsbaner rundt om i distriktet som trenar, arrangør, funksjonær, frivillig og dugnadsarbeidar.

Faksimile Nordhordland 5. mai, 2004.

I 2004 vart han kåra til «Årets kvardagshelt» av Nordhordland Rotary for den lange innsatsen sin.

Gode idrettsvener har og fleire gongar gjort stas på arbeidet hans. Både då han fylte 80 år i 2020, og i 2015 då han fekk overrekt ein eksklusiv, innramma bit av det gamle banedekket på Knarvik stadion.

På det banedekket hadde Skår vore startar for to verdsrekordar.

Ottar Skår fotografert i 2015, saman med heidersteiknet han fekk, som inneheldt ein bit av det gamle banedekket frå Knarvik stadion.
Foto: Morten Sæle

Seim IL og Aks-77

Skår starta virket sitt i Seim IL på 50-talet, og heldt fram med trenargjerninga si der i om lag 20 år.

Blant elevane hans I Seim IL var Marit Aase. Ho har seinare samarbeidd med Skår både i styrearbeid og i samband med organiseringa av ei lang rekke idrettsarrangement.

– Han var eit fantastisk menneske, god og snill med alle! Han var klok, og fór fint fram. Han framheva aldri seg sjølv, men stilte alltid opp og jobba døgnet rundt for friidretten. Han kjem til å bli hugsa, seier ho.

I 1977 var Skår ein av dei som var sentrale i å starte opp AKS-77.

Der heldt han og fram som trenar. Gjennom mange år la han der ned ein solid innsats for ungdomssatsinga til klubben, som på både 80-talet og 90-talet var blant dei leiande i landet.

I den satsinga jobba Skår tett med mellom andre Arne Reigstad.

– Ottar var veldig ivrig, du trong ikkje spørje om han kom. Han berre stilte. Han var og veldig positiv og utruleg lett å samarbeide med. Eg trur han likte godt å vere med å trene ungdomane, han såg på dei som framtida til klubben, seier han.

Reigstad trekk og fram Skår sine bidrag på svært mange dugnadar i Knarvikområdet dei siste tiåra.

– Han var ein fantastisk dugnadsmann. Eg trur ikkje det var mange arrangement i Knarvik der han ikkje møtte opp. Han var alltid der. Den dugnadsmannen han var finst det nesten ikkje maken til.

– Det var alltid veldig kjekke stunder å gå saman med Ottar og lage til stemne, hugsar han.

Ungdomsmila. Knarvikmila. 2022.

Ottar Skår (til venstre) og Arne Reigstad (nr. to frå høgre) har vore frivillige saman på ei rekke idrettsarrangement. Her er dei saman med Alf Flatøy, Johan Ness og Lars Inge Kjemphol under Knarvikmila i 2022.
Foto: Sondre Lingås Haukedal

Mannen med startpistolen

I tillegg til å vere trenar, arrangør og dugnadsarbeidar, var Skår og startar på svært mange idrettsarrangement i regionen. Inkludert fast startar på både Knarvik Games og Knarvikmila, heilt fram til 2024.

Mange vil difor truleg hugse han som mannen med startpistolen.

– Han var ein av dei fremste eg har treft innan idretten, seier Helge Brekke.

Den pensjonerte læraren og Knarvikmil-profilen er ein annan som har jobba mykje saman med Skår. Brekke trekk fram ein episode, han hugsar særleg godt frå alle åra med samarbeid.

– Det var etter Knarvik Games i 81. Det året var vi 9.500 menneske, og vi fekk to verdsrekordar på kort tid. Etterpå sat vi ein gjeng arrangørar og åt. Då sa Olav Aase (dåverande formann i AKS-77) «Det kjem aldri slik ein dag i Knarvik, att». Ottar svarte: «Nei, men vi får glede oss over det vi har fått til», det var typisk Ottar, seier Brekke.

Over 23 årsverk

Då Skår i 2015 vart heidra av gode idrettsvener, gjekk Brekke og Skår sjølv gjennom tala for å finne ut kor mange timar seimaren har lagt ned i idrettens teneste.

Dei kom fram til at Ottar den gongen hadde lagt ned heile 23 årsverk for idretten og køyrd til og frå treningar, møter og stemner så mange gongar at det til saman tilsvarte nesten tre gongar rundt jordkloden.

Sidan den gongen har Skår halde fram arbeidet for idretten. Mellom anna var han fast startar for Knarvikmila, fram til 2024.

– Regionen har mista ein traust, god og likande trenar. Han var ein spesiell kar, som alle må bøye seg i støvet for, seier Brekke.

Knarvikmila 2022. Halvmaraton.

Helge Brekke og Ottar Skår i samtale under Knarvikmila i 2022.
Foto: Sondre Lingås Haukedal