110 Vest har fått inn melding om ei trafikkulykke på Nordfjordvegen i Stryn.
Det er eit køyretøy involvert i ulykka.
Ifølge 110-sentralen skal det vere fem personar i køyretøyet. Alle er komt seg ut. Ambulansen kom til ulykka for å ivareta dei involverte.
Det er ikkje røyk frå køyretøyet, men det skal lekke litt olje.
Markøren viser ikkje nøyaktig plassering, men ulykka skal ha skjedd i dette området.
Ifølge Børre Brekkvassmo ved 110-sentralen er det 70-sone på staden, men at farten til køyretøyet skal ha vore lågare enn dette. Det skal også vere meget glatt på staden.
Kort tid etter ulykken melder Vegtrafikksentralen Vest at ett felt er stengt på grunn av trafikkulykka.
Klokka 14.16 er brannvesenet ferdig på staden, og bilbergar skal ha henta bilen.