– Det var ein ung, mannleg førar, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.
Meldingane kom til politiet klokka 02.15 natt til torsdag.
Stoppa ikkje for politiet
Patruljen møtte bilen på fylkesvegen ved Kaupanger og gjorde teikn til at han skulle stoppa, går det fram av politiloggen.
Bilen stoppa ikkje og politiet la seg på hjul. Bilen heldt fram i høg fart og det var glatt på fylkesvegen. Politiet avbraut difor utrykkinga.
Kort tid seinare vart bilen funnen på ei busslomme. Då hadde han kollisjonsskadar på den eine sida etter å ha treft autovernet.
Prøvde å stikka av
Bilføraren vart pågripen då han forsøkte å springa vekk frå bilen, går det fram av loggen.
Han stod fram uskadd, vart teken med til legevakt for blodprøvetaking og vert meld for køyring i påverka tilstand og å ha prøvd å unngå kontroll. Ifølgje politiloggen er førarkortet kverrsett.