Klokka 12.50 onsdag fekk Vest politidistrikt melding om ei trafikkulykka på E134 ved Jøsendalselvi, og ein patrulje frå Hardanger politistasjon rykka ut. Åtte personar, der fire skal ha vore barn, var involverte.
– Den eine bilen fekk sleng i ein sving, som førte til at den frontkolliderte med ein motgåande bil. Det var glatt på staden, opplyser politibetjent Simen Moe Aase.
Politiet har avhøyrt begge sjåførane, som begge er menn i 40-åra. Aase stadfestar at politiet har oppretta sak.

Les også
Åtte personer var involverte i trafikkulykke
Det vart full stopp i trafikken etter hendinga, men klokka 13.45 var bilbergar framme på staden og fekk fjerna bilane slik at vegen opna for normal trafikk. Ti minutt seinare var også politipatruljen ferdige på staden.
Like før midnatt vart det også meld om eit trafikkuhell i Eidfjord. Bilen vart totalvrak, og politiet har oppretta sak.
Les også
Politiet oppretter sak etter at bil ble totalvrak