Over 1700 publikummarar har allereie sett showet fordelt på fem framsyningar, og den sjette framsyninga 6. februar er utseld.
– Det har vore mange store opplevingar på scena opp gjennom åra, men dette er rett og slett historisk. Det einaste som har vore i nærleiken av slike tal, er Fjørarevyen på sine glansdagar. No har Finn Tokvam teke att og gått forbi sjølvaste lokalhelten vår på statistikken. Det er ekstremt imponerande og veldig, veldig kjekt, seier kulturhussjef Sigyn Øren i ei pressemelding.
Fulle hus
«Velkomen» har blitt ein publikumssuksess over heile Vestlandet, med over 210.000 selde billettar på landsbasis. I Sogndal har responsen vore ekstra sterk.
– Eg trur folk er litt lei av at alt skal handla om kjende folk og globale katastrofar. I «Velkomen» pratar eg om sogningar og bergensarar, små konfliktar, undertekst og alt det rare me går og tenkjer på, men ikkje seier høgt. Når folk kjenner seg att og kan le av seg sjølve og naboen, då har me fått til noko fint, seier Finn Tokvam i pressemeldinga.
Tokvam har tidlegare sagt at mor hans meiner folk må vera «dørgande leie» han no, men billettsalet tyder på det motsette.
– Eg hadde aldri trudd at eg skulle stå så mange gonger på scena i Sogndal med same show. Når me no har bikka 2000 selde billettar berre her, så kjenner eg på ei blanding av takknemlegheit og rein, skjær skrekk. Men aller mest er eg rørt.
Vurderer pompøs ærespris
Suksessen har fått kulturhussjefen til å leika med tanken om ei høgst uoffisiell, men svært pompøs utmerking til Tokvam.
– Når Fifa kan finna på å dele ut ein høgst kreativ fredspris, så kan vel me i Sogndal kulturhus også tillata oss litt høgtsvevande tull. Me vurderer å oppretta «Den internasjonale Sogneånds- og Heftingsprisen for Universell Kvardagskulturell Betydning». Det er ein pris som eigentleg ikkje seier så mykje, men som høyrest veldig viktig ut, og det passar ganske godt til Finn, seier Øren og held fram.
– Bak fjaset ligg det jo ei djup takk. Finn har gitt oss eit show som byggjer stoltheit rundt det vestnorske, gjer folk glade, og fyller huset kveld etter kveld. Det er akkurat slik kultur me vil vera ein arena for.
Kulturhussjef, Sigyn Øren.
Foto: Renate Sæle/arkiv
Heftar publikum
Tokvam sjølv tek både rekorden og prispraten med den sedvanlege blandinga av sjølvironi og takknemlegheit.
– Eg har jo eit heilt nummer i showet om å «hefta» folk, og no har eg altså hefta over 1700 sogningar berre i Sogndal. Det er jo heilt vilt. Men når folk kjem ut og seier at dei kjenner seg att, og kanskje til og med blir litt stolte av å vera sogning, då kjenner eg at heile heftet er verdt det, seier han.
Og fleire skal bli hefta. Framsyninga nummer sju er lagt ut for sal.