Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus samlar kvart år inn tal på kor mange som er behandla for augeskadar landet over etter nyttårsfeiringa.

I fjor var det sju personar som fekk augeskadar. I år var talet ti, melder Helse Bergen.

To av desse, ein mann og ei kvinne, er alvorleg skadde. Ingen brukte vernebriller og alkohol var involvert. Kvinna var tilskodar. Dei åtte andre personane har skadar som er moderat alvorlege.

– Dei fleste av skadane skjedde ved bruk av effektbatteri. For nokre av skadane har vi ikkje opplysningar om kva type fyrverkeri det var, seier overlege Lasse Mulstad Skrivervik ved Augeavdelinga på Haukeland.

To av dei skadde fekk skadar i samband med eit effektbatteri som eksploderte. Eit barn under ti år som var tilskodar, er blant dei skadde.

Overlegen ønsker no forbod mot privat fyrverkeri.

– Kvar augeskade på grunn av fyrverkeri er ein augeskade for mykje.

Firda har førebels ikkje fått svar frå Helse Førde om nokre av dei ti augeskadene er registrerte hos dei.