Dei som er i førtiåra hugsar sikkert chattenettverket IRC, der folk møttes kvar kveld på kanalane #Volda og #Ørsta for å prate direkte med kvarandre eller i hovudkanalen – heilt fritt frå algoritmar, reklamer, datahausting og kommersielle baktankar.

På den tida var sosiale medium små møteplassar laga av entusiastar for entusiastar. Det var eit tillegg til det verkelege livet, ikkje ei unnskuldning for å sitte heime i staden for å gå ut. Nokre av dei eg møtte på kanal #Volda, kjenner eg framleis.


Kjell Arne Steinsvik, kronikkforfattar
Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

Etter kvart fekk amerikanarane augene opp for at det var store pengar å tene på slike sosiale nettverk. Amerikanske tekoligarkar (årets nyord 2025) har sidan vakse seg heilt ut av proporsjonar. I år har verdien av dei sju største tek-selskapa i USA passert brutto nasjonalproduktet til heile EU samanlagt.

Verdien deira er i stor grad det vi legg att av personlege data. Det seiast at når ein vare er gratis, er det du sjølv som er varen. Alle våre søkevanar, nettsidebesøk, varekjøp, opplasta bilete, spørsmål og samtalar med KI-ar vert brukt til å hjelpe annonsørane å kjenne oss og treffe endå meir presist.

I dagens sikkerheitspolitiske situasjon, må ein også vurdere kor trygt det er å lagre alle sine data i «skya», som eigentleg berre er eit anna ord for nokon andre sine harddiskar.

Etter at KI-generert innhald vart noko alle kunne lage, fløymer internett over av såkalla «slop»: sjellause bilete, tekstar, videoar og melodiar som ikkje krev større innsats å lage enn eit par tastetrykk.

Allereie i midten av 2025 var det estimert at meir enn halvparten av nytt innhald på internett var heilt eller delvis datagenerert. Dette talet er venta å vekse kraftig framover. No gjeld det meir enn nokon gong å bruke kritisk sans og vurdere om det ein ser er ekte eller dataskapt.

Spørsmålet er kva verdi slikt innhald har for oss. KI skulle gje oss kortare arbeidsveker og kurere kreft, ikkje generere bilete av kattar i austronautdrakt eller tekstar som ingen gidd å lese.

Eit stadig aukande omfang av kortvideoar, berre nokre sekund lange, gjer at merksemdsspennet vert tilsvarande kort. Ein heil spelefilm vert for lang. For ikkje å snakke om ei bok. Uansett kan ein berre be ChatGPT om lage ei oppsummering av høgdepunkta. Hjerneråte er eit kjent omgrep blant dagens unge.

Snart er det heller ikkje poeng å leite etter informasjon eller oppsøke kjelder direkte. KI-ane lagar praktiske oppsummeringar av det meste ein lurer på ved å skumme fløyten av andre sitt arbeid og innhald. Gjerne ispedd ein liten dæsj eigne hallusinasjonar.

Målet til utviklarane av sosiale medium, er å få oss til å bruke mest mogleg av tida vår på skjermen i staden for i det verkelege liv. Blant unge vaksne, er snittskjermtida tett opp under 5 timar dagleg.

Ei rekkje psykologiske verktøy vert nytta til å gje oss ein jamn straum av små dopamininnsprøytingar og halde oss hekta. Kva skjuler seg i neste innlegg? Får kommentaren noko respons? Har det skjedd noko spanande det siste minuttet? Oppdater.

Tek ein offentleg transport, er det openbart at alle sit i kvar si verd med augene planta i skjermen. Ofte er støydempande øyretelefonar på i tillegg, så ein slepp å forholde seg til verda rundt seg i det heile teke. Sosiale medium har fanga oss i kvar våre bobler i staden for å gjere oss sosiale.

Heilt sidan ISDN gjorde sitt inntog i 1997, har eg vore aktiv på nettet. Ved å sjå dei lange linjene over snart 30 år, ser eg at internett byrjar å spele ut si rolle. Det er snart på tide å logge av det meste. Nettet har ikkje lenger den verdien det hadde. Internett er ikkje lenger kjekt og spanande. Det er slitsamt, hult og til dels usunt.

Nyttårsforsettet for året som kjem, er å kutte dei siste restane av sosiale medium og la mobilen ligge att heime. Så møtes vi kanskje i det største sosiale mediumet: røynda.