Før jula 2024 handsama Stad kommunestyre sak om samlokalisering av skule og idrett. Ordføraren fann det rett å «løfte» saka, frå ei orienteringssak til ei sak der kommunestyret skulle gjera vedtak,- saka var «overmoden».

I kommunestyremøtet vart framført mange flammande innlegg. Omsynet til idretten, barn og unge vart trekt fram. Det vart sagt mindre om det økonomiske bidraget idretten måtte gje Stad kommune som motyting for plasseringa av hallen: Før bygging skal idrettslaget betale kostnaden ved å regulere det kommunale skule- og idrettsområdet. I tillegg må idretten gje frå seg festeretten til klubbhus og anlegg på Stadion/Utstillingsplassen utan vederlag.

Dette er eit vedtak idretten ikkje kan leve med. Vedtaket vart straks påklaga fordi det er urettferdig og ulovleg. Klagen er no etter eit år framleis «under handsaming» i kommunen. Framdrift eller vidare saksgang i saka er ikkje opplyst.

Med status i Robek er økonomisk draghjelp frå kommunen til vidare utvikling heilt i det «blå». Tidlegare har Stad kommune utan sakshandsaming godkjent knusing av dreneringsanlegget som var bygd mot løpebana på Stadion. Dette for å gje plass til anlegg for hest inn i løpebana. Konsekvensen er at bana no knapt eignar seg som hinderløype.

Vidare er i haust etablert deponi for kommunal og fylkeskommunal snørydding,- også utan å involvere idrettslaget. Idretten lever i uvisse om kva som er neste tiltaket å setje i verk på Stadion/Utstillingsområdet.

Nyårsønsket til Stad kommune er at idrettslaget får sleppe ut av denne tvangstrøya. Kommunen må vedstå seg det økonomiske ansvaret for reguleringsplan over skule- og idrettsområdet på Nordfjordeid.

Vidare må idretten få eigedomsrett og såleis full råderett til Stadion/Utstillingsplassen. Då kan Eid Idrettslag starte med å planlegge og realisere framtida si sjølv!