110 Vest melder klokka 19.35 fredag kveld om brann i eit bygg i Høyanger. Brannvesenet skal vere på staden.
Det er opplyst at bygget som brenn skal vere fråflytta.
– Brannvesenet er på staden. Det skal brenne ein god del inne, basert på tilbakemeldingar eg har fått, opplyser Tore Fanebust, vaktleiar ved 110-Vest.
Fråflytta bustad
Brannen skal ha oppstått i ein fråflytta bustad, seier vaktleiaren.
Ikkje lenge etter blir det meldt frå brannmannskap på staden at det er full overtenning i bustaden, og at nabohus vert evakuerte.
Bustaden skal ligge midt i eit byggefelt, opplyser vaktleiar Fanebust.
110 Vest fekk meldinga klokka 19.20, og det var ein forbipasserande som melde frå om brannen.
Politiets operasjonsleiar, Frode Kolltveit, skriv at det var observert flammar i ein gang i bustaden. Det var ikkje observert personar på staden, og det art vidare opplyst at det ikkje skal ha budd nokon i huset på mange år.

Les også
Innsatsleiar: – Kontroll på brannen, men brenn framleis godt
Sløkking frå fleire sider
Klokka 19.55 pågår det utvendig sløkking frå fleire sider av bustaden, og operasjonssentralen melder då at det ikkje er umiddelbar fare for at brannen spreier seg.
Det er vidare opplyst å vere nærmast vindstille på staden. Det skal per no vere evakuert personar frå to nabobustader, men eksakt tal personar er ikkje kjent for politiet.
Har du bilde frå staden? Send gjerne til redaksjon@firda.no.
Fann fyrstikkøskje – ønskjer tips frå publikum
Det skal ha vore gjort eit funn av ei fyrstikkøskje på trappa utanfor bustaden, opplyser politet. Meldingar frå forbipasserande fortalde også om kubbelys som var tende inne i ein gang i første etasje, like innanfør døra.
Eigaren av huset skal vere varsla, og ingen skal ha hatt lovleg tilgang til huset.
Politiet ønskjer difor tips dersom det er gjort observasjonar av personar i det aktuelle tidsrommet som kan vere interessant for etterforskinga av brannen.
Har ein gjort observasjonar er har øvrige tips, ber politiet om at ein tek kontakt på telefonnummer 02800 eller 112.
Det er så langt ikkje meldt om kontroll på brannen, er operasjonssentralens siste melding klokka 20.34. Brannen har då ikkje spreidd seg, og det er framleis ikkje meldt om personskadar.
Sløkkingsarbeid vil pågå i nokre timar
Brannvesenet melde at dei hadde kontroll på brannen klokka 21.13, men at det framleis brann godt i bygget.
Klokka 22.48 melder politiets operasjonssentral at det framleis vil vere sløkkearbeid på staden i nokre timar framover. Området vil då bli sperra av, og politiet vil då gjere undersøkngar på staden.
Det vert elles opplyst at det no er trygt for dei evakuerte å returnere til sine bustadar.