110 Vest melder fredag om brann i eit hus i Høyanger sentrum. Bygget skal vera fråflytta. Brannvesen er på staden, vert det opplyst.

Meldinga om brannen kom ved 19.30-tida.

110 Vest opplyser at bygget er overtent og nabohus vert evakuert.

Politiet melder om at det var forbipasserande som observerte flammar i bustaden. Det er ikkje observert personar på staden. Brannmannskap har fått kontakt med bebuarar i bustadene like ved og som er aktuelle for evakuering. Brannvesenet driv utvendig sløkking. Det er ikkje meldt om personskade.

Klokka 19.55 melder politiet at det blir arbeidd med sløkking frå fleire sider av bustaden og at det ikkje er umiddelbar fare for spreiing. Personar frå to nabobustader er evakuerte.

Politiet melder om at forbipasserande har sett eit par-tre kubbelys som var tende inne i huset før brannen vart meld. Det er også funne ei fyrstikkøskje på trappa utanfor huset.

Politiet ynskjer tips frå publikum om det er gjort observasjonar av personar i det aktuelle tidsrommet som kan vera interessant for etterforsinga. Ta kontakt med politiet på telefon 02800 eller 112, oppmodar politiet.

Dei har vore i kontakt med huseigar. Ingen skal ha hatt lovleg tilgang til huset.

Klokka 20.58 melder 110 Vest at det er kontroll på staden, men brannvesenet driv framleis sløkkjearbeid.