(Sogn Avis): Jakt handlar om meir enn å felle den store bukken og vise det på sosiale medium.

Sidan eg var gutunge har eg levd tett på hjorten. Dei store dyra stod stille langs den mørke stien eg gjekk frå fotballtreninga om hausten, eller bukken brølte ut sine brunstige lydar rundt i fjordlandskapet. Det var ein eigen sport å smyge seg innpå dyra i skumringa, for å sjå kor tett innpå vi kunne kome.

Erfaringa eg fekk gjennom slike daglege møte med hjorten, og gjennom leiken i skogen, vart viktig då eg seinare blei hjortejeger og skulle jobbe med hjortedyr.

Med rifla over skuldra og kikkerten rundt halsen har eg i tre timar smyge meg gjennom furuskogen. Eg har knapt sett eit spor av hjort enno, og tenker at det er mange færre hjort enn eg er van med.

Men det er oktober, noko som betyr paringstid. Hjortebrunsten er blant dei mest høglydte naturfenomena vi har. Under jakt i oktober er det gode sjansar for å høyre bukkar brøle ut si lyst (og kanskje frustrasjon). Det kan jegeren også bruke for å lokalisere hjorten.

Eit urbrøl nede i lia får lufta i skogen til å dirre. Det kriblar i ryggmargen.

Hjortebrunsten er blant dei mest høglydte naturfenomena vi har.
Foto: Privat

Brøler plutselig rett mot meg

Eg brøler tilbake. Hjorten svarar og plutseleg har vi ein samtale på gang! Lyden nærmar seg, og eg ligg heldigvis i skjul bak ein stubbe og lågt i lyngen. Rovdyr-instinktet mitt vaknar. Der kjem kolla med kalven, sakte luntande etter ein storbukk.

Det kjem ikkje på tale å skyte ein bukk på veg inn i sin beste alder. Kulturen og kunnskapen min overvinn den rå naturen i meg; eg blir forvaltaren og lar rifla ligge.

Desse store bukkane er dessverre sjeldne fordi trófejakt er ganske utbreidd i landet vårt. Alle vil skyte den store kongen før naboen gjer det, og kunne hauste «likes» på sosiale medium. Forsking tyder på at berre 10% av bukkane når ein alder på fem år, som eigentleg er starten på vaksenlivet for ein hjortebukk.

I staden for å skyte klarar eg heldigvis å lirke fram mobilen og får mitt beste opptak nokon gong av hjorten som plutseleg brøler rett mot meg.

Sjå filmen som gir meg denne gåsehud-opplevinga.

Jakt og sanking står både menneskehjartet nært, og den norske identiteten nær. Hausting frå naturen er måten vi har skaffa oss næring og energi på i mesteparten av menneska si tid på jorda. I vår del av verda gjorde jo jordbruket først sitt spede inntog for om lag 5000 år sidan.

Difor er det som om jakt, fiske og sanking for mange er ein djupare del av identiteten enn jordbruket. Kanskje er det noko med det ville og reine, det å vere i naturen, det å hauste, men likevel ikkje endre på økosystemet?

I økologien kallar vi det å kunne hauste frå naturen ei økosystemteneste. Det er eit overskot som vi menneske kan nytte, og nyte, av.

Når vi no snart bikkar 8 milliardar på jorda, reflekterer ein jo litt over at ikkje alle lenger kan leve av naturhausting.

Menneske er predator godt som nokon og gjennom jakt kan vi leve ut rovdyrinstinktet. Men vi er også berarar av kultur og del av eit samfunn. Jakta har alltid vore avhengig av samarbeid oss imellom, og respekt for naturen. Det ligg eit stort ansvar på jegerens skuldrar i møte med ville dyr. Berekraftig hausting er, og har alltid vore, ein vanskeleg kunst.

Se også: Jegeren kunne ikke tro sine egne øyne: –⁠ Helt utrolig!

I vårt land kan ulv, bjørn, jerv, og gaupe jakte og ete hjortedyr. Men dei fleste stader er det likevel vi menneske som er det viktigaste rovdyret. Vi er likevel ikkje heilt som andre rovdyr. Vår sesongmessige hausting, der vi forsøker å felle dyr med minimal liding, er prega av etikk og av forvalting gjennom lovverk og mellommenneskeleg tillit.

Andre rovdyr ville nok ha jakta på hjortedyra både om vinteren og i kalvingstida på våren. Her gjer vi menneske moralske val – vi gir dyra kvile om vinteren og når ein ny generasjon skal kome til. For å sikre berekraftig viltforvaltning er det også fornuftig å avgrense jakttida. Då blir det noko å jakte på også neste år. Her er vi smartare enn andre rovdyr.

Jakt er meir enn skyting, skriv Hegland.
Foto: Privat

Vi burde ta ut dei svakaste dyra

På eitt punkt burde vi jegerar ha lært meir av andre rovdyr: Vi burde ta ut dei yngste og svakaste dyra, slik dei andre rovdyra gjer. Favoriseringa av store hanndyr i jaktuttaket vårt har vore der lenge, men no kan det bli enno skeivare fordi jegerar har teke i bruk avansert militær teknologi som gjer det lettare å felle dei største og sterkaste dyra.

Ein jeger utstyrt med termisk kikkert, får hjelp til å oppdage kroppsvarme i den kalde skogen. Dermed kan han både oppdage dyra på lengre avstand, i mørket og i vegetasjonen. Nattjakt er faktisk lovleg i Norge, i motsetnad til mange andre land. Og sjølv om den nye viltressurslova eigentleg forbyr termiske kikkertsikte, har politikarane på Stortinget likevel bestemt at hjortejakta skal ha visse unntak – forstå det den som kan. Vi som er bekymra ventar i spenning på kva dette kan bety når forskriftene til lova no blir utarbeida.

I økologien seier vi at dyr må ha tilstrekkeleg med skjulestader for at bestanden skal kunne overleve rovdyra på lang sikt. Den nye jaktforma, med bruk av termiske hjelpemidlar, gjer at dyra ikkje lenger kan gøyme seg i vegetasjonen eller i ly av mørket. Dei er ikkje heilt trygge nokon stad.

La oss håpe teknologien ikkje tek over for forvaltning, og at dei store, staute og høglytte bukkane blir enno sjeldnare i landskapa rundt oss.