Speling på både konsoll og PC blir dyrare og dyrare. No som støvet til ein viss grad har lagt seg rundt galopperande skjermkort-prisar, er det RAM som løfter prislappane opp i stratosfæren.
Me ser likevel at det er stor interesse for denne type stoff blant vårt publikum. Derfor startar me det nye året med å overhale testbenken vår.
Det er snart tre år sidan me oppgraderte maskinen vår sist, og no skal me for første gongen teste skjermkort på ei AMD-plattform.
I denne artikkelen ser me på komponentane me bruker og skriv ein forenkla test av dei.
Pilene peikar rett veg
Før me lettar på sløret for testmaskinen vår, er det kjekt å ta ein pust i bakken og reflektere litt rundt maskinvaredekninga vår.
Underteikna starta vår satsing på feltet som redaksjonssjef i 2019. Sidan den gong har me skrive hundrevis av testar av alt frå mus til prosessorar, men har i seinare tid gått vekk enkelttestar.
Enkelttestane blir ikkje spesielt godt lese, og dei krev mykje ressursar – noko me har forsvinnande lite av. Utover året kjem me til å starte arbeidet med ei rekkje samletestar på ulike produktkategoriar, slik at me lagar innhald som lever lenger på fronten vår og som i sum får større nytteverdi for dykk.
Det er ikkje mangel på slikt innhald internasjonalt, men norske prisar gjer ofte at anbefalingar er vanskelege å overføre frå andre land til oss. Det er viktig at både me i Gamer.no og vår tidlegare søsterside Tek.no jobbar med kritisk teknologijournalistikk.
Vårt fokus vil alltid først og fremst vere på spel. Derfor er også skjermkort det viktigaste i maskinvaredekninga vår, som me dekkjer gjennom samletestar og tekniske vurderingar av nye spel. Det skal framleis vere hovudsatsinga vår.
Dei best leste sakene våre innan maskinvarekategorien i 2025 var nyheita om dobling av den norske prisen på Switch 2, etterfølgd av nyheita om Elkjøp si forsterka satsing på komponentar, vårt førsteinntrykk av Switch 2, samletesten vår av skjermkort og den tekniske gjennomgangen vår av Kingdom Come: Deliverance 2 på PC.
Gamer.no har publisert litt færre saker om maskinvare enn tidlegare, men me har også hatt langt sterkare lesartal jamt over.
Kongen på haugen drar lasset
Så. Nerdetid.
Hjartet i vår nye testbenk er AMD sin toppmodell Ryzen 9 9950X3D.
AMD har for lengst banka Intel ned i støvlane når det gjeld spelyting, og denne kombinerer den fantastiske spelytinga til X3D-prosessorane med produktivitetsyting på linje med Intels kraftigaste.
Dei færraste har behov for noko slikt. Det har strengt tatt ikkje me heller, men me tok steget opp frå Ryzen 7 9800X3D for å kunne eksperimentere meir med produktive oppgåver om behovet dukkar opp.

AMD Ryzen 9 9950X3D er den raskaste prosessoren du kan kjøpe til speling.
Mikkjell Lønning
9950X3D har 16 kjernar og klokkar seg til rundt 5,7 Ghz ut av eska. Det varierer frå spel til spel om den eller 9800X3D er kjappast, men det er i alle fall ei heftig oppgradering frå Intel Core i9-13900k-prosessoren som sto i maskinen tidlegare.
Sjølv om det er mest merkbart i 1080p og lågare, ser me ei betydeleg forbetring i 1440p i spel som krev meir frå prosessoren.
Me kjem til å oppdatere den store samletesten vår for skjermkort på den nye testriggen, men der ligg det fort 100 timar med testing, så det ligg litt nede på prioriteringslista enno.
Om Nvidia bestemmer seg for å faktisk lansere ein Super-serie av skjermkorta sine i år, set me fart på arbeidet.
Stort potensial for overklokking
Marknadens raskaste spelprosessor saman med 9800X3D
Lynrask i produktive oppgåver
Brukar forholdsvis lite straum
Alt me treng
Hovudkortet er ASUS sitt ROG Crosshair X870E Hero. Eg handla dette for 7000 kroner under Black Week, og den heller stive prisen er det største minuset.
Her har me plass til tre M.2 SSD-ar over PCIe 5.0. Me brukar berre to om gongen for å unngå at skjermkortet køyrer i x8-hastigheit, sjølv om det i praksis ikkje betyr noko som helst på PCIe 5.0. Det er for å vere på den sikre sida.

ASUS ROG Crosshair X870E Hero.
Mikkjell Lønning
Elles kjem hovudkortet med dei aller fleste funksjonane som den øvste prisklassen av hovudkort har. ASUS Extreme, MSI Godlike og Gigabyte Extreme kostar alle meir enn dobbelt så mykje.
Stille, stilig og støysvakt
Til kabinett har me vald Fractal sitt North XL.
Interiørtrenden om å spikre opp spiler i absolutt alle krikar og krokar av hus og leilegheiter har også kome til PC-kabinett, og sjølv om det er litt harry, så skal eg ikkje nekte for at det tar seg godt ut under pulten.
Kabinettet er enkelt å bygge i, har rikeleg med plass til kabelrydding og har svært god kjøleyting.
Fractal Design North XL (Vit)

Spilene er teite, men også ganske stilige.
Mikkjell Lønning
Det er heller ikkje mykje å klage over når det gjeld støynivået til prosessorkjølaren vår. Asus har sendt oss toppmodellen sin frå i fjor: Ryujin III ARGB Extreme.
Dette er ein alt-i-eitt-vasskjølar med RGB-skjerm og ein 360mm radiator. Skjermen er sjølvsagt ein gimmick og bidrar til å dra prisen til rundt 4000 kroner, men ytinga er i det aller høgaste sjiktet.

Mikkjell Lønning
I vanleg bruk ligg prosessoren på rundt 55 grader. På det meste i speling har den vore oppe på 64 grader, som skjer når prosessoren lastar shaders første gongen eg opnar spel.
Kabinettet har også senka temperaturen på skjermkortet vårt. Vår RTX 5090 frå PNY kunne ligge på rundt 72 grader i stresstesting i det førre, men har ikkje vore over 67 grader i dette.
Viftene til kjølaren gjer ikkje noko ut av seg før eg aktivt prøver å myrde prosessoren i dei aller tyngste produktivitetstestane. Under stresstesting har prosessoren på det meste kome opp på 78 grader.
Absurd prisvekst
Komplett har levert RAM og straumforsyning til testriggen vår. Då eg spurte kommunikasjonssjef Daniel Hauan om å sende oss Corsair Vengeance sitt 6000 MHz kit på 48 GB i desember, låg prisen på 8000 kroner.
No kostar det 15.000. Det seier sitt. Ein rask titt på Prisjakt viser at det kosta 2300 kroner i oktober.
Nesten ei sjudobling på to og ein halv månad der, altså.

Det er ramsalte prisar på RAM for tida.
Mikkjell Lønning
Slike prishopp hugsar me med gru frå 2020 då kryptovalutautvinning tok av, og no er det KI-aktørane som støvsugar fabrikkar for produksjonskapasitet til RAM.
2026 kan fort bli eit mørkt år når det gjeld PC-speling. Me får krysse fingrane for at det blir ei løysing om ikkje så altfor lenge.
Corsair Vengeance Black DDR5 RGB 6000MHz 2x24GB (CMH48GX5M2E6000C36)
Rask SSD
Kioxia har sendt oss to av sin årsnye Exceria Plus G4 M.2 SSD. Prisen på lagring har også auka som følge av KI-bølga, og våre to 2 TB-SSDar har også gått litt opp i pris sidan i sommar.
Prisnivået har vore på rundt 2100 kroner i haust, men klatra til rundt 2600 kroner i desember.

Exceria Plus G4 er ein heilt ok SSD til prisen, men det finst dei som gir meir for pengane.
Mikkjell Lønning
Kioxia marknadsfører med lesehastigheit på 10.000 MB/s og skrivehastigheit på 8200 MB/s. Det er i mellomsjiktet blant dei nyaste PCIe 5.0-SSD-ane.
Testar i AS SSD viser at produktet ikkje leverer heilt som lova. Lesehastigheita ligg på 7400 MB/s og skrivehastigheita på 7600 MB/s.
Ein heilt grei SSD som utgangspunkt for riggen vår.
Kioxia Exceria Plus G4 2TB
Her skal straumrekninga få kjørt seg
Straumforsyninga vår er ein Corsair HXi AX1500i.
Me satsa på ei litt større straumforsyning enn tidlegare, for ein veit jo aldri kva Nvidia finn på med neste runde av RTX-skjermkort.

Mikkjell Lønning
Etter eit par dagar med testing har riggen vår dratt rundt 1050 watt frå veggen på det meste, men med RTX 5090 i maskinen kan ein fort få toppar på langt meir i nokre få millisekund.
Derfor er det greitt å vere på den sikre sida.
Som mange andre har denne straumforsyninga ein stillemodus, og med den lagar den absolutt ingen lyd.
Speltesting
Spela me testar skjermkorta våre i har ein del å seie for vurderingane våre av kvart enkelt produkt.
Ideelt sett bør me ha ein miks av spel som er optimalisert for Nvidia og AMD, og me prøver å kombinere både populære konkurransespel og meir grafisk krevjande spel.
Det siste året har me unngått prosessorkrevjande titlar, men det treng me ikkje tenkje like mykje på no. I nokre få av spela kjem me også til å teste strålesporing og oppskalering.
Kom gjerne med forslag om det er spel du ønsker å sjå at me legg til i skjermkorttestane våre. Me tar utgangspunkt i desse:
- Assassin’s Creed Shadows
- Battlefield 6
- Black Myth: Wukong
- Counter-Strike 2
- Cyberpunk 2077
- Doom: The Dark Ages
- F1 25
- Forza Motorsport
- God of War Ragnarok
- Hellblade 2: Senua’s Sacrifice
- Horizon Forbidden West
- Kingdom Come: Deliverance 2
- Starfield
- The Last of Us Pt. 2