Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder laurdag ettermiddag om eit trafikkuhell på rv. 616 Hornelsvegen i Bremanger.

Meldinga kom inn til 110-sentralen klokka 15.53.

Det er to bilar involvert, og fire personar. Dei to bilførarane er opplyst å begge vere menn i 20-åra.

Politiet melder at det er ein fossilbil og ein elbil som har kollidert, og ingen av dei to bilane er køyrbare etter kollisjonen. Bilbergar er difor rekvirert, men det er passasje på staden.

Det skal ikkje vere meldt om skadar på dei fire involverte.

Trafikkuhellet vert skildra som eit møteuhell, som skal ha skjedd i lågare hastigheit. per no er det difor ikkje sendt mannskap til staden frå nokon av naudsentralane.