CES, verdas største elektronikkmesse, er berre eit par dagar unna. Den neste veka kjem Las Vegas til å spy ut produktnyheiter, og produsentane konkurrerer om å utnytte KI-bølga.
Det siste døgnet har MSI fått merksemd for sin nye serie med gamingskjermar.
I ei pressemelding fortel dei om den komande toppmodellen MEG X, som kjem med innebygde KI-verktøy.
MSI lovar blant anna ein funksjon som kan zoome inn på fiendar, automatiske lysinnstillingar som gjer det enklare å sjå i spel om du blir treft av ein «flashbang»-granat og KI-sporing som automatisk lyser opp figurar i spel.
Dei anbefaler visstnok at dette bør brukast i einspelarspel.
– Eitt einaste klikk aktiverer KI-assistenten. Det hjelper spelarar yte betre, eller gjer at nybegynnarar blir raskare komfortable med einspelarspel eller øvingsmodusar, skriv dei.
Dette skal visstnok skje på maskinvarenivå, skriv Videocardz.com. Altså er ikkje skjermen avhengig av at utviklarar legg til rette for dette i spel.
MSI viste også fram ein KI-skjerm på CES for to år sidan (MEG 321URX), der mange var bekymra for at eigenskapane var rein juks.
Her er funksjonane på komande MEG X. Som vanleg er det greitt å ta dette med ei solid klype salt før nokon har testa skjermen:

MSI