I slutten av desember lokka ASUS med comeback for gigantiske skjermar (BFGD), og no har dei dratt sløret av det faktiske produktet.
ASUS ROG samarbeider med XREAL om briller for utvida verkelegheit (AR).
Med ROG XREAL R1 får brukaren inntrykket av å sitte fire meter frå ein virtuell 171-tommar skjerm med 240 hertz oppdateringsfrekvens.
Brillene brukar eit mikro-OLED-panel. Oppløysinga per auge er på 1920×1080, og sjølve brillene skal berre vere 91 gram.
Med ein synsvinkel på 57 grader meiner ASUS at ein dekkjer 95 prosent av augets fokusområde. Den virtuelle skjermen flyttar seg etter kvart som brukaren flyttar på hovudet.
Skjermen kan også låsast til eitt punkt om ein ønsker.
ASUS skriv i pressemeldinga at brillene vil støtte handkonsollar som ROG Xbox Ally X. Bose har utvikla høgtalarane i brillene.
Det er enno ingen informasjon om kva desse brillene vil koste, men dei skal lansere no i 2026.
