Nye utspelfrå Helse Førde (HF) kan tyde på at vi er vi i ferd med å få delvis interkommunale sjukehus i Sogn og Fjordane. Dette fordi HF ikkje lenger er i stand til å styre helsevesenet i Sogn og Fjordane på ein skikkeleg måte. No skal kommunane overta barseltilbodet ved dei to lokalsjukehusa i fylket.

For mangelen på pengar skuldast vel at HF ikkje har teke høgd for å kunne betale for dei investeringane dei har gjort i Førde. Og då er det som vanleg den uskuldige part, i første omgang lokalsjukehusa, som skal betale gildet.

Men no vil HF hente inn ein ny alliert, nemleg kommunane. Dei er så langt også uskuldige i den situasjonen HF har sett seg i.

Men den listige leiinga i HF ser nok at kommunane truleg vil vere lette å lure, slik at dei også vert medansvarlege i framtida. Det er lettare å skaffe pengar derfrå enn frå eige fagdepartement.

Fordi HF har køyrt helseføretaket i grøfta med manglande økonomistyring, skal no kommunane kome og redde stumpane. Kommunane, som den same staten og dei same statsrådane, stadig pålegg nye oppgåver, oftast utan at pengar følgjer med.

Kommunane, som frå før strir med å få endane til å møtast, skal vere med på å redde oppgåvene som Staten og Helse Førde ikkje greier å utføre, fordi dei ikkje har halde orden i eigne sysaker.

Kommunane skal altså overta statlege oppgåver også her.

Dersom kommunane går med på det, vil staten ha greidd å overføre endå fleire oppgåver til kommunane, utan at pengar følgjer med.

For kommunane får vel ikkje overført pengar frå helseføretaka, eller frå staten elles, for å utføre desse oppgåvene?

For sjølv om nokre kommunar tidlegare har ytt ein skjerv til desse tenestene, blir dette ei ny formell «snikoverføring» av oppgåver til kommunane, og kjem til å gå ut over andre kommunale tenester.

Og rekninga for det heile får vi som bur i kommunane, i form av auka skattar og avgifter, medan Helse Førde kan gni seg i hendene og bruke pengane i Førde, som vanleg.

Skilnaden på tidlegare overføringar til kommunane og denne nye, er at no følgjer det også truslar med, dersom kommunane ikkje overtek.

Elles, heiter det, vil desse oppgåvene også verte flytte til Førde!

Dette er nesten ikkje til å tru. Og kva blir det neste? Skal resten av sjukehusa kanskje drivast på dugnad?

Det er no på tide at Stortinget grip inn i dette vanstyret, elles vil helsetilbodet hos oss snart vere rasert. Hadde slik økonomistyring skjedd i ei privat verksemd, hadde nok ein del leiarar måtte forlate skuta.

Men i det offentlege vil slikt vanstyre kanskje verte påskjønt med ein solid bonus og eit kraftig lønshopp for direktørane. Ikkje ulikt Sogndal kommune. For til det finn dei alltid pengar.

Ein skulle nesten tru at overforbruket av pengar i Førde kan ha vore eit bevisst grep i arbeidet med å skaffe nye argument for å få lagt ned lokalsjukehusa. Så openberr kan mangelen på økonomisk styring ha vore, både når det gjeld nye stillingar under tilsetjingsstans, og det mykje omtalte byggjeprosjektet.

Når dei aldri kan vedgå at dei har svikta på dette området, kan ein få mistanke om at dette er overlagt. Og eg kan ikkje forstå at direktøren for HF no ikkje kan stå fram og sei høgt at målet hans er å få lagt ned lokalsjukehusa, i staden for å drive systematisk utarming av sjukehusa og skulde på økonomi.

Ser at utviklingsdirektøren i Helse Førde har sagt opp stillinga si. Eg vil tilrå at Helse Vest som erstatning lyser ut stilling som avviklingsdirektør, med hovudoppgåve å avvikle Helse Førde. Berre på den måten kan det bli pengar til å drifte helsetenesta hos oss.

Har også lyst til å minne om at AP-representanten frå Førde sa, då statsbudsjettet varet lagt fram, at no hadde dei (AP-regjeringa) lagt inn ekstra midlar til Helse Vest, slik at drifta ved sjukehusa skulle vere sikra.

Deretter gjekk han i dekning, og har ikkje gitt lyd frå seg. Er det nokon som veit kor han vart av?

Men han dukkar nok opp att med nye lovnader ved neste valkamp om fire år, slik desse folka brukar å gjere. Fram til då gjeld det vel å halde ein låg profil, i alle fall i Indre Sogn.

Teksten ovanfor vart skriven før jul i fjor (2025), men har truleg vorte heft på vegen.

I mellomtida ser eg faktisk at representanten Vereide alt no har dukka opp att, med ein ny lovnad om hjelp til Lærdal sjukehus. Difor må eg skrive eit lite PS til innlegget.

Denne gongen truar han HF, men det har sjølvsagt like liten effekt som pengelovnaden i statsbudsjettet, der han trudde han kunne bestemme kva Helse Vest skulle bruke pengane til. Alle vi andre veit at det er helseføretaka som bestemmer dette, politikarane har gitt frå seg styringa der.

Like lite vil det nok hjelpe å true HF, for då han hadde sjansen til å få Stortinget med på eit slikt vedtak, stemde han imot, og på den måten sikra han fleirtal mot det han no lovar å gjere!

Du snakkar om å vere prinsippfast, og stå for sine tidlegare handlingar.

Då han stemde imot sa han at det ikkje er hjelp i eit vedtak utan at det følgjer pengar med. Men eg ser ikkje at han heller har pengar, berre truslar. Og det er vel ingen som trur at den sentraliseringskåte regjeringa, eller ansvarleg statsråd, vil gjere noko ut over tidlegare tomme lovnader.

Så lovnaden frå AP-statsråden må vi nok sjå på som nyttårslovnad som er like lite verd som dei fleste andre slike lovnader som blir inngått svært seint på kvelden ei nyttårsaftan.

Meir interessant kunne det ha vore å få greie på kvifor han no brått kan ha endra meining. Kan han ha lese innlegget eg skreiv sist, der eg ymta frampå om at neste steg i nedleggingskabalen kanskje kunne verte å flytte oppgåver frå Førde til Bergen for å spare pengar?

Eller kanskje han har starta neste valkamp, i håp om at vi i Indre Sogn i «nyttårsrusen» alt kan ha gløymt det som har skjedd i denne saka tidlegare.

Men det var vel litt for tidleg, eller kva?