– Viss USA angrip eit anna Nato-land, då stoppar alt opp, seier ho på spørsmål om USAs ambisjon om å ta over Grønland.

I intervjuet med danske DR understrekar ho at både Danmark og Grønland har sagt klart nei til dette tidlegare.

– Kva forsikring kan du gje for at det ikkje vil skje?

– Eg kan ikkje gjera greie for kva amerikanarane gjer, berre for det me gjer frå dansk og europeisk side. Og det er full støtte frå Europa om at grensene må verta respekterte, svarar ho på spørsmål frå DR.

Ho er ikkje i tvil om at USA vil ha Grønland.

– Det har vorte sagt indirekte og direkte. Det er eit uakseptabelt press. Det er eit urimeleg angrep mot verdssamfunnet, seier ho.

Bad USA slutta

Sundag gjekk Frederiksen ut og bad USA om å slutta med Grønland-truslane.

Det skjedde etter at USAs president Donald Trump natt til sundag gjentok ei fråsegn frå tidlegare i helga om at USA «treng Grønland».

– Me treng Grønland, av omsyn til nasjonal tryggleik, og Danmark kjem ikkje til å klara det, sa Trump til journalistane på presidentflyet.

På spørsmål frå DR om ho trur Trump vil droppa tankane om å sikra seg Grønland, svarar Frederiksen:

– Eg har sagt det frå starten at eg trur diverre at den amerikanske presidenten meiner dette seriøst. Eg har òg gjort det heilt klart kor Danmark står. Og Grønland har gjentatte gonger sagt at ein ikkje ønsker å vera ein del av USA.

Annleis situasjon enn med Venezuela

Trumps interesse for Grønland har fått ny merksemd etter at USA i helga angreip Venezuela og bortførte president Nicolás Maduro og kona hans.

Fleire folkerettsekspertar har peika på at angrepet mot Venezuela var i strid med folkeretten.

Men angrepet mot Venezuela og hintinga til Trump om å ta Grønland, er ikkje samanliknbare, påpeikar forskar Marc Jacobsen ved Forsvarsakademiet i Danmark.

Årsaka er at Danmark og Grønland er medlem av Nato.

– Me ser allereie no at nokre allierte fordømer det USA gjer, men viss Trump gjer det same med Grønland, så er det altså snakk om å angripa ein Nato-alliert. Det vil bety slutten av Nato. Det vil vera ein katastrofe, seier han.

Et gruppearbeid med flere personer, inkludert en med lyst hår og en annen i lys jakke. Deltakerne har på seg pensjakker og deler av en begivenhet eller konferanse. Det er en blå bakgrunn med små emblemer synlig på jakkene. Bildet gir inntrykk av en formell samling. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mette Frederiksen og Donald Trump på eit Nato-møte i juni 2025.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP / NTB

Det vil vera gode nyheiter for Russland, meiner han – og peikar på at det igjen kan vera ein grunn til at Trump ikkje vil ta Grønland.

– Det trur eg, til sjuande og sist, gjør at det framleis er eit urealistisk scenario, seier Jacobsen.

– Trur me kjem til å få Grønland

Det er ikkje fyrste gong Trump har uttrykt interesse for Grønland.

– Eg trur me kjem til å få det. Eg trur folket ønsker å vera saman med oss, sa han i januar 2025 med tilvising til Grønland.

Då kalla Danmark inn til eit krisemøte. Fleire land reagerte sterkt på utsegnene til den amerikanske presidenten.

Eitt av argumenta til Trump for å ta makta over Grønland, er av «omsyn til internasjonal tryggleik». Det er ikkje eit gyldig argument, meiner den danske statsministeren.

– Nei, det har den amerikanske president ikkje. Ein kan ikkje gjera krav på ein del av vårt kongerike, seier ho.

Òg i Noreg har Grønland-utsegnene til Trump fått kritikk frå politikarar.

Telefonmøte med Trump

Mette Frederiksen hadde ei telefonsamtale med Trump for ei stund sidan, ifølge DR.

I samtalen var ho veldig klar overfor den amerikanske presidenten, seier Frederiksen til DR. Ho vil likevel ikkje koma med nokre detaljar om kva ho sa.

– Eg går ikkje inn og gjer greie for kva eg seier til mine utanlandske kollegaer, heller ikkje når eg er ueinig med dei, seier ho til den danske kringkastaren.

Interessert i kva som skjer i verda? Høyr på utanriksredaksjonens podkast:

Publisert

05.01.2026, kl. 16.28

Oppdatert

05.01.2026, kl. 17.16