Det er oppdaga ei ukjend gasslukt inne på ein butikk på Sjøkanten kjøpesenter i Sogndal.

– Det er uklart kor omfattande dette er, men senteret blir evakuert for sikkerheits skuld, opplyser operasjonsleiar i 110 Vest, Jostein Steinsland-Hauge, kl. 18.29 måndag.

Brannvesenet vil gjennomføre gassmåling og gjere vidare undersøkingar.

Det er politi og ambulanse på staden, opplyser Sogn Avis.

Kl. 18.48 kjem ei oppdatering frå Steinsland-Hauge. Det kan vere gassutvikling frå batteriet i ein truck som har stått på lading:

– Denne er køyrd ut, og det står fram som lukta inne no er borte. Det er uvisst om det faktisk er trucken som laga lukta eller ikkje, men det kan vere nærliggjande å tru sidan lukta no er borte.

Kort tid etterpå skal det vere opna att i kjøpesenteret.