Saka oppsummert

  • Tung styrketrening kan førebygge og redusere risikoen for beinskjørheit, ein vanleg og underdiagnostisert folkesjukdom.
  • Beinskjørheit rammar særleg kvinner etter overgangsalderen. Men også menn, og kan føre til alvorlege brot som hoftebrot.
  • Hoftebrot er blant dei mest alvorlege brota og kan føre til funksjonsnedsetting, sjukeheimsopphald og høg dødelegheit.
  • Sjukdommen kostar samfunnet store summar kvart år, Den kan førebyggast med styrketrening som belastar skjelettet.
  • Åshild Bjørnerem (64), forskar på kvinnehelse. Ho trenar tung styrke for å styrke skjelettet sitt og oppfordrar andre, særleg kvinner, til å starte med styrketrening tidleg.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Ho set vektskive på vektstonga.

Til saman 50 kilo på kvar side.

Åshild Bjørnerem (64) er klar for ei ny treningsøkt.

I 2025 tok ho fleire medaljar i verdsmeisterskap i styrkeløft.

– Eg trenar ofte for å bli sterkare og for å kunne merke framgang. Det er det som gjør det moro med sporten. At man kan konkurrere med seg sjølv.

Alderen hindrar ho ikkje frå å digge tung styrketrening.

Men sjølv om ho er blant dei sterkaste i verda i aldersklassen sin, gjer ho det ikkje berre fordi ho syns det er gøy.

Ho legg 50 kg på kvar side av vektstonga, og løftar 100 kg jamnleg.

Foto: Marita Anddersen

Bjørnerem er seniorprofessor ved UiT Noregs arktiske universitetet og Nasjonalt senter for kvinnehelseforsking.

Ho forskar på beinskjørheit.

Det er ein vanleg, men likevel skjult og gløymt sjukdom, som kostar samfunnet fleire millionar kroner kvart år.

Men førebygging er mogleg. Ein av nøklane er tung styrketrening.

– Når det kjem til osteoporose, er styrketrening noko av den beste ein kan gjere. For treninga gjer at ein får belastning på heile skjelettet.

Åshild Bjørnerem trener styrke

Åshild Bjørnerem (64) skulle gjerne sett at styretrening var gratis for eldre. I verdsmeisterskapet i styrkeløft løfta ho i fjor kilo i knebøy, 60 kilo i benkpress og 142,5 kilo i markløft.

– Ein folkesjukdom

Bjørnerem meiner tung styrketrening er så viktig for å forhindre beinskjørheit, at ho meiner det burde bli gratis for folk over 60 år.

– Viss eg skal anbefale dette for andre, må eg starte med meg sjølv. Treninga er veldig viktig for folkehelsa. Eg skulle ønske det derfor var gratis å gå inn på treningssenter, seier ho.

Trener du styrketrening

Ja, løfter tunge vekter ofte

Ja, men eg bruker bare kroppen.

Eg prøver, men ikkje ofte nok.

Gjorde det før. No synast eg at eg er for gammal.

Nei, aldri.

Vis resultat

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Hos kvinner blir beintettleik dårlegare etter overgangsalderen.

Anna kvar kvinne og kvar fjerde mann over 55 har sjukdommen, som eigentleg heiter osteoporose.

Mange har det utan å vite om det.

– Det er eit kjempeproblem. Det er ein folkesjukdom.

Det seier Frida Igland Nissen.

Ho er lege med spesialisering i ortopedisk kirurgi på Universitetssjukehuset Nord-Noreg.

Funna om styrketrening syns ho er spennande.

En person i hvit arbeidstøy sitter ved en skrivebord i et kontor. I bakgrunnen er det et diagram som viser menneskelige skjelettstrukturer. Det er en saks og en skuffe synlig i rommet, samt utstyr på veggen. Omgivelsene gir inntrykk av en medisinsk eller helserelatert setting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Legen Frida Igland Nissen jobbar no med ein doktorgrad om osteoporose.

Legen forklarar at dei fleste beinskjørheit-tilfella blir oppdaga først etter brotet er eit faktum.

– Hoftebrot er eit av dei vanlegaste beinskjørheitsbrota. Det rammer omkring 9000 menn og kvinner per år i Noreg. Det er også eit av dei mest alvorlege brota ein kan få, og det kan gi betydeleg funksjonsnedsetting, seier ho.

Derfor er det mange klarer ikkje gå utan hjelpemiddel etter eit etter eit slikt brot. Og fleire hamnar på sjukeheim.

Frida Igland Nissen, lege med ortopedi som spesialitet på UNN Tromsø, saman med ein kollega.

Frida Igland Nissen og ein kollega studerer røntgenbilde og for beinbrot.

Foto: Marita Andersen / NRK

– Kostar samfunnet dyrt

Ifølge UNN-legen døyr rundt 20 prosent det første året etter eit hoftebrot.

– Beinskjørheit er så vanleg, men både underbehandla og underdiagnostisert. I tillegg får ikkje kvinner – og mennene – som får beinskjørheit, den behandlinga dei treng, seier Nissen.

gipsing av armbrot på UNN Tromsø

Ortopeden har akkurat gipsa handa til ein pasient.

Foto: Marita Andersen / NRK

Beinskjørheit er så vanleg at kvar einaste time dett nokon og brekker lårhalsen, ifølge fagfolka.

– Eit hoftebrot kostar samfunnet over ein million kroner berre det første året etter brotet. Det er ein dyr diagnose som kostar samfunnet dyrt, seier legen.

Ho synast det er leit at ein så vanleg sjukdom ikkje får merksemda han fortener.

Derfor er legen glad for all forsking som kan bidra til førebygging.

– Kvinnene og mennene som får beinskjørheit får heller ikkje får den behandlinga dei treng, seier Nissen.

Kvinnene vi møter på gata i Tromsø har heller ikkje stor merksemd rundt beinskjørheit og styrketrening:

  • Ingrid Meek Olsen, utanfor Nerstranda i Tromsø sentrum.

    Marita Andersen / NRK

    Ingrid Meek Olsen Meek Olsen

    – Nei, i min omgangskretsen min snakkar vi om overgangsalder, men ikkje beinskjørheit.

    Eg driv veldig lite med styrketrening. Eg dreiv med idrett før, og håper at det er til hjelp. Eg synast det er ganske kjedeleg å gå på treningssenter. Men eg skulle gjerne gjort det.

  • Ein person med lyst hår står ute i ein gate om kvelden. Bakgrunnen viser bygningar med julebelysning og blant anna ein butikk. Refleksjonar i det våte underlaget indikerer nyleg nedbør. Det er ein mørk himmel, og fleire personar kan sjåast i avstand. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Marita Andersen / NRK

    Sissel Sørum Hotvedt

    Eg driv med styrketrening, og eg er akkurat blitt instruktør for senior-trimtilbodet i Tromsø kommune. Eg gjer det for å bevare kroppen og balansen. Da må du trene styrke.

    Eg kjenner mange som har beinskjørheit, som kanskje burde trene meir. Vi snakkar om kva ein kan gjere mot beinskjørheit, og eg veit nokon er redde for å brekke bein.

  • Ein kvinne med brunt hår står i mørket, iført ein svart frakk. Bakgrunnen viser bygningar med juledekorasjonar og lys, samt ein lastebil som parkerer. Det er kveldsbelysning, og asfaltvegen er fuktig, truleg frå regn. Fleire personar, iført mørke klede, er synlege i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Marita Andersen / NRK

    Frances Thyssen

    – Eg trenar styrke minst to gongar i veka. Når ein blir eldre, så minkar ein muskelstyrke.

    Eg har ikkje beinskjørheit i tankane, meir muskelmasse, spenst og balanse. Men beinskjørheit er også viktig.

Ingen aldersgrense

For seniorforskaren som sjølv trenar hard styrketrening jamleg, har det blitt ein viktig del av kvardagen.

– Eg trenar for å unngå hoftebrot. Eg håper eg har helse til å fortsette med det, seier Bjørnerem.

Kvinnehelseforskaren har nettopp tatt spesialisering for å bli ortoped. Oppgåva handla om nettopp beinskjørheit.

Foto: Marita Anddersen

Det er ingen aldersgrense for å starte med styrkeløft.

Ho starta sjølv mens ho var i 50-åra.

Ho gjer det også for å vere eit forbilde.

Og 64-åringen er klar på at det aldri er for seint å begynne.

Samstundes oppfordrar ho særleg kvinner til å starte med tung styrketrening så tidleg dei kan.

– Vi har problem med å motivere nokon osteoporosepasientar fordi ein er redd for biverknadar. Men ein artig ting med trening er at ho ikkje har nokon biverknadar. Unntatt viss ein blir for ivrig, og tar i for hardt.

Åshild Bjørnerem (64) løfter tung for å styrke beintettheita.

Foto: Marita Andersen

– Korleis har din beintettleik endra seg med styrketrening?

– Den har blitt betydeleg betre i ryggen. Eg har ikkje tal på det, men eg har ikkje fått beinskjørheit.

Publisert

05.01.2026, kl. 20.08