I Danmark og Storbritannia satsar arbeidarpartia hardt på innvandringspolitikk. Det bør skremme Støre.
Erfaringar frå andre land tyder på at Jonas Gahr Støre (Ap) neppe tener på å bli strengare i innvandringspolitikken. Foto: Terje Pedersen / NTBPublisert: Publisert:
For mindre enn 1 time siden
Arbeidarpartiet skal bli strengare i innvandringspolitikken. Fleire skal ut, færre skal inn.
Nimrah Ramzan er fungerande AUF-leiar. Ho meiner Ap berre diltar etter Framstegspartiet i innvandringspolitikken. Det kan vere. Men dei diltar også etter arbeidarpartia i Danmark og Storbritannia.
Socialdemokratiet og Labour har teke eit slags leiarskap i å vere strengast mogeleg. Det går ganske dårleg.
I Danmark ligg statsminister Mette Frederiksen an til å gå på eit historisk nederlag. På den siste meiningsmålinga til DR, får Socialdemokratiet 16,5 prosent oppslutning.
Det er ein tilbakegang på elleve prosentpoeng sidan 2022, og vil vere det svakaste resultatet sidan 1901. Seinast i oktober skal det vere val i Danmark. Sosialdemokratane må grue seg.
Les hele saken med abonnement
Allerede abonnent? Logg inn