Sunnfjordingen erkjente straffskuld i Sogn og Fjordane tingrett i desember. Han er og dømd til å betale over 15 millionar kroner i oppreisning og erstatning til dei fornærma.
Dei fornærma var mellom sju og 15 år gamle då overgrepa fann stad. For nokre av dei held overgrepa fram over fleire år. Ingen av dei fornærma har fortald nokon om kva dei var utsett for før politiet tok kontakt i samband med etterforskinga, kjem det fram frå domen.
Rulla opp i 2024
Politiet blei kjend med saka då mor til eitt av offera tok kontakt med dei i fjor haust. Politiet opna etterforsking og arresterte mannen nokre dagar seinare.
Aktor la ned påstand om at mannen skulle bli dømd til 14 år og 6 månadar. Det blei også domen avsagt i retten.
Mannen blir dømd for gjentatt seksuell omgang med barn under 10 år, for seksuell samleie med barn under 14 år, for å få fått barn under 14 år til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv og for å ha produsert framstilling av seksuelle overgrep mot barn eller framstilling som seksualiserer barn.
Han har og hatt store mengde video og bilde som viste overgrep av barn.
Utnytta tillitsforhold
Ifølge domen avdekte etterforskinga til politiet eit «gjennomgåande mønster» kor mannen tidleg hadde søkt og etablert kontakt med fleire av offera sine familiar. Slik skapte han tillitsforhold både til dei føresette og barna. Så misbrukte tilliten til å gjere seksuelle overgrep mot barna.
«Slik retten ser det, har handlingane til den tiltalte eit utprega preg av kynisk utnytting og systematisk misbruk», heiter det i domen.
«Handlingane var ikkje tilfeldige, men prega av ein medviten og gjennomtenkt strategi for å kontrollere dei fornærma, noko som også bidrog til at barna ikkje våga å fortelje om overgrepa», står det vidare.
Domen visar til at den dømde mannen fortalde eitt av offera at hen ikkje måtte seie noko til nokon fordi han ville ta sitt eiga liv om «hemmelegheita blei avslørt».
Fleire hundre overgrep mot eitt offer
Fleire av offera har problem retten meiner er overvegande sannsynleg ei følge av overgrepa.
Sunnfjordingen er dømd for overgrep som har skjedd over ein periode på 18 år, fram til hausten 2024. Retten meiner det truleg er snakk om fleire hundre overgrep mot eitt av offera.
Han har vore i varetekt sidan han blei pågripen den hausten.
Forsvarar Svein Holden vil ikkje kommentere domen overfor NRK.
Les meir om saka her:

Les også
Andre dag av rettssak om overgrep: Tiltalte forklarar seg
Les også
Tiltalte hevda han tagde om overgrepa for å «verne dei fornærma»

Les også
Bistandsadvokat: – Dei fornærma er takksame for at politiet tok kontakt