Rune Bolseth (45) blir assistenttrenar i Eliteserieklubben Molde, skriv Sogndal Fotball på sine nettsider.

Han har siste arbeidsdag på Fosshaugane tysdag, og byrjar i sin nye jobb allereie onsdag denne veka.

Der blir han ein del av apparatet rundt dei blåkledde sin nye hovudtrenar, Sindre Tjelmeland.

Glopparen har vore totalt 24 år i klubben som spelar, trenar og seinast trenarutviklar det siste året.

– Eg reiser til Molde på onsdag med stor entusiasme for å bli litt betre kvar dag sjølv, samstundes som det er endå viktigare å gjera dei rundt meg betre, seier han til nettstaden.

Takkar klubben

Bolseth la fotballskoa på hylla etter 2016-sesongen, og gjekk deretter rett over i ei trenarrolle i klubben.

Han hadde først ansvaret for Sogndal 2, deretter blei han ein del av apparatet til Bakke på A-laget, noko han heldt fram med under Tore André Flo si leiing. Framfor 2025-sesongen blei han trenarutviklar i klubben.

– Eg set utruleg pris på alle relasjonane og alle dei gode folka som eg har jobba med i klubben. I forhold til den moglegheita eg no får må eg spesielt få trekkja fram Eirik Bakke og Terje Skjeldestad som gav meg tilliten til å gå direkte frå spelarkarriere til trenar for Sogndal 2, og deretter inn i A-teamet, seier Bolseth til nettstaden.

Klubben sjølv skriv dette om han at no går vidare:

– At Rune no går til Molde FK er nok eit døme på at Sogndal Fotball utviklar folk i ulike roller som er attraktive for større oppgåver og klubbar.

Utvikla seg på landslag

45-åringen trekkjer fram utviklingsmoglegheitene og prestasjonskulturen i klubben som viktige faktorar bak det å forma han som trenar.

– Hovudgrunnen til at eg no får denne sjansen i Molde FK er òg moglegheita eg har fått til å vera ein del av landslag, og trenarkursa eg har teke. Det har gjeve meg utvikling og relasjonar som har gjort dette mogleg. Sogndal har ein «standing» ute i landet på jobben som blir gjort her. Prestasjonskulturen med å alltid jakta neste som mantra har vore fundamentet vårt og har blitt viktig for min trenaridentitet, seier han, og held fram:

– På utvikling og sal av spelarar har me vore gode, og spelarane har ofte lukkast der dei kjem – det ser eg på som eit kvalitetsstempel på det ein har lukkast med her.

No ventar nye utfordringar i Molde, medan han vil følgja Sogndal som tilhengjar.

– Det blir spennande å følgja Sogndal i året som kjem, og eg har stor tru på at Terje, Luis (Pimenta) og resten av teamet vidareutviklar det som blei skapt i fjor, og går ein god sesong i møte. Even (Hovland) inn i romjula var ei fin julegåve og gjev ein ekstra piff inn i året som ventar, seier Bolseth.