Rune Bolseth har takka ja til ny jobb, og har allereie hatt sin siste arbeidsdag i Sogndal Fotball, melder klubben på sine eigne heimesider tysdag.
Bolseth debuterte i Sogndal i 1999, og legg altså bak seg 24 år i same klubb.
Han seier at grunnen til at han har fått tilbod om ny jobb i kystbyen ved Romsdalsfjorden, handlar om nettverk og moglegheiter han har opparbeidd seg gjennom tenarkurs og tilknytinga til landslaget.
– Det har gitt meg utvikling og relasjonar som har gjort dette mogleg. Sogndal har ein «standing» ute i landet på jobben som blir gjort her, seier Bolseth.
Å alltid jakte neste talent er ein del av mantraet deira, og har også blitt ein del av trenaridentiteten hans, opplyser trenaren.
No ser han fram til å få nye utfordringar i eit nytt miljø, men legg ikkje skjul på at han kjem til å følge Sogndal tett.
– Eg har stor tru på at Terje, Luis og resten av teamet vidareutviklar det som blei skapt i fjor og går ein god sesong i møte.
Første arbeidsdag i Molde FK er allerie i morgon; onsdag 7. januar.