Det skriv Tomas Kilen Rinde på Tya Bar si Facebook-side tysdag kveld.
– De har vore fantastiske frå første opningsdag til siste fest i 2025, og me hadde aldri hatt ei så god oppleving utan dykk.
Kilen Rinde tok over drifta av Tya Bar i Øvre Årdal i september 2025. Men etter berre fire månader er det altså slutt.
– Takk for all støtte og heiarop, og får måten de har teke imot alle oss som har kriga bak baren til seine nattetimar kvar helg sidan september. Me kjem med dette til å trekka oss ut av drifta på Tya Bar med selskapet Tkr Pubdrift og samtlege tilsette, på bakgrunn av personlege årsaker, skriv han vidare.

Les også
Tomas (30) var i ferd med å bli ufør: – Dette er siste sjanse
Rinde takkar til slutt for all støtte dei har fått.
– Tusen takk for all støtte, både frå gjester, og ikkje minst vener og familie som har vore heilt unike gjennom heile dette kapittelet som dessverre stoppar her.