– Dette er fantastisk. Dette er ein dag som vi har gleda oss veldig til. No er alt klappa og klart for ein ny sesong.

2025 blei eit tungt år for The Golden Train og dagleg leiar Trond Espen Berg. Eit stort ras 19. juli i fjor tok både europavegen og togbana ved Verma.

For turisttoget mellom Åndalsnes og Bjorli var dette det verste som kunne skje. Toget skulle gi turistane spektakulære opplevingar på turen gjennom Romsdalen. Men raset sette ein stoppar for det.

The Golden Train fekk løyve av Bane Nor til å køyre opp til rasstaden og tilbake. Men dei oppdaga at toghjula var slitte. Difor blei toget sett på perrongen. Fokuset blei retta mot oppstart i 2026.

I desember har det vore tre prøveturar for å teste alt materiell. No er dei klare. Klokka 12:50 i dag er den første avgangen frå Åndalsnes.

– Det har vore eit tungt halvår. Det har jo vore cruiseskip her i heile haust, men det har ikkje vore mogleg for oss å gi cruiseturistane ein togtur opp Romsdalen. Det er bittert både for dei og for oss.

Trond Espen Berg står foran turisttoget som nå står stille på Åndalsnes stasjon.

Raset 19. juli i fjor var ein nasestyvar for The Golden Train og dagleg leiar Trond Espen Berg. No startar dei opp igjen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kraftig oppsving

No i vinter og vår blir det i hovudsak ein tur i veka i samband med at Hurtigruta legg til kai på Åndalsnes. Etter kvart blir talet på turar auka gradvis. Når sommaren kjem blir det daglege turar mellom Åndalsnes og Bjorli.

Åndalsnes har fått eit kraftig oppsving som heilårs turiststad dei siste åra. Konstituert stabssjef i Møre og Romsdal Reiseliv, Torunn Dyrkorn, peikar på gondolen opp til Nesaksla og turisttoget gjennom Romsdalen som viktige grunnar til det.

Og turisttoget er ein viktig del av reiselivet i regionen.

– Det er utruleg gledeleg at dei er i gang igjen. Turistane likar å køyre tog. Det er populært. Og turisttoget gjer at vi også har eit tilbod utanfor sommarsesongen. Det er viktig for oss.

en person som står foran en stor skjerm

Konstituert stabssjef i Møre og Romsdal Reiseliv, Torunn Dyrkorn, er opptatt av det kjem fleire turistar om vinteren.

Foto: Roar Strøm / NRK

Vinterturisme

Naturen er ein viktig grunn til at turistane kjem til Åndalsnes og Romsdalen. I mange år har folk reist hit for å gå på toppturar i dei høge og ville fjella i områda, ikkje minst om vinteren.

Men dei som vil reise med turisttoget er ein heilt annan type turistar. Dei vil også nyte naturen, men på ein annan måte.

– Dei som melder seg på turar med Hurtigruta no, er folk som vil oppleve vinter. Og eg tenkjer at det er veldig bra dersom vi får opp merksemda på vinterbesøk i regionen vår. Gondolen og turisttoget bidrar til det, seier Dyrkorn.

et tog på jernbanesporene

Turisttoget mellom Åndalsnes og Bjorli vil gi turistane spektakulære opplevingar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ambisjonar

I Noreg er det ikkje så mange tilbod om togturisme. Flåmbanen i Vestland blei opna for trafikk i 1940. Arctic Train i Narvik starta i 2019. Turisttoget gjennom Romsdalen er eit nytt tilskot innanfor denne sjangeren.

Og dagleg leiar i The Golden Train Trond Espen Berg legg ikkje skjul på at ambisjonane er høge.

– Ambisjonen er at vi skal bli mellom dei største innanfor denne kategorien opplevingar i Noreg. Vi ønskjer at Åndalsnes skal vokse som turistdestinasjon. Difor er det viktig at vi er i gang igjen.

Publisert

06.01.2026, kl. 12.23