Løyva var gitt i strid med EUs vassdirektiv og vassforskrift, konkluderte Borgarting lagmannsrett. Det skjedde etter søksmål frå Naturvernforbundet og Natur og Ungdom.

Efta-domstolen gav i ein rådgivande uttale i mars miljøorganisasjonane medhald.

Staten varsla i desember at dei ankar dommen.

– Staten anka dommen fordi det er prinsipielt viktig med ei tydeleg avklaring frå Høgsterett i denne saka. Vi ser fram til at Høgsterett no skal behandle henne, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til NTB då.

Saka skal behandlast i Høgsterett 27. april til 5. mai, skriv NRK.

Miljøorganisasjonane har sidan 2008 kjempa for å hindre at selskapet Nordic Mining skal kunne deponere gruveavfall frå verksemda si i Engebøfjellet i Førdefjorden. Både norske og internasjonale aktørar har frårådd prosjektet.

Engebøfjellet ved Førdefjorden inneheld Norges største kjende førekomst av rutil, som blir brukt til utvinning av titandioksid (E171) og granat.

Etter mange års utsetjingar starta Nordic Mining gruvedrift på fjellet like før jul i 2024.