Tre veker etter premieren på den nye sesongen av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har 504.000 sett opningsepisoden om Ben Ward på strøymetenesta til NRK.
Det er ny rekord, skriv NRK i ei pressemelding. Aldri før har så mange sett «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» i strøyming på så kort tid. Om ein legg til den lineære sjåinga i NRK1, er kvar av dei to episodane om Ben Ward sett av nesten ein million (935.000) på tre veker.
I desember er dette den mest sette programserien i NRK TV, berre slått av «Nissene i skjul».
– Det er gledeleg å sjå at serien er blitt både ein bingefavoritt og ein juletradisjon, og at eit program om ukjende menneske kan hevda seg så godt i strøymekampen, seier prosjektleiar og programskapar Noralv Pedersen.
1. nyttårsdag trekte også statsminister Jonas Gahr Serie fram serien i nyttårstalen sin: «Takk til dere som lager filmer og TV-serier som vi kjenner oss igjen i – fra 23 sesonger av Der ingen skulle tru at nokon kunne bu – til familieutfordringene i Pørni.»

Fotograf Torje Bjellaas og programskapar Noralv Pedersen har stått bak serien dei siste åra. Her har dei fått med seg heider i bagasjen heim frå prisutdelinga i Barcelona.
Foto: NRK
Og tre dagar etter dette passerte serien ein halv million sjåarar på strøymetenesta. Serien har stått sterkt lineært, men har ifølgje NRK også klart overgangen til digital strøyming.
– Det betyr at ein 23 år gamal serie framleis blir oppfatta som relevant, også av nye publikumsgrupper. At statsministeren vel å trekkja fram akkurat denne serien i nyttårstalen sin, er også eit teikn på akkurat det, seier Pedersen.

Les også
Ben Ward er tilbake på skjermen: – Eg veit ikkje korleis neste år skal toppa dette året her

Les også
Full rulle for Ben: – Eg jobbar natt og dag

Les også
Drog til Barcelona, tek med seg heider heim: – Det er utruleg givande

Les også
Tre nominasjonar til Noralv og «Der ingen skulle tru …»: – Eg får leita fram ein eller annan dress