Oppdatering klokka 18:38: Vegen er open att, og ein person er køyrd til legevakt for ein sjekk.
Politiet meldte om ei trafikkulykke i Herøy klokka 16:53.
Første meldte dei at det var seks involverte køyretøy, men det er no snakk om åtte køyretøy. Det var til saman 10 involverte personar.
– Det framstår som at det er bilar som har køyrd inn i kvarandre på eitt eller anna vis, seier operasjonsleiar i politiet, Thomas Holte.
HERØY: Det har skjedd to ulykker på kort tid.
– Er det glatt på staden?
– Det snør jo, men vi veit ikkje noko endå, seier han.
Politiet er framme på staden, og det er meldt om at nokre personar har smerte og treng helsetilsyn, men det skal ikkje vere snakk om alvorleg personskade.
I ei oppdatering klokka 18:20 melder politiet at trafikken er open som normalt igjen.
Vegen var stengt i litt over ein time.
– Ein må rekne med at det blir stengt. Eg oppdaterer når vi har det meir klart, seier Holte.
To ulykker på kort tid
Det har også vore ei trafikkulykke på Herøybrua, som politiet meldte om klokka 16:15.
– Der er det ikkje nokre teikn til fysisk skade, men bilane er ikkje køyrbare og det er behov for bilbergar. Det har vore låg hastigheit og front mot front, seier Holte.
Der var det to bilar og tre personar involverte.
I ei oppdatering klokka 18:20 melder politiet at dei opprettar sak, og at det ikkje er mistanke om ruskøyring. Likevel er dei ikkje heilt sikre på korleis ulykka skjedde.
Publisert
08.01.2026, kl. 17.02
Oppdatert
08.01.2026, kl. 18.40