«Kva skjer med ostebygda Ørsta. Kvifor gjer ingen opprør mot ranet som går føre seg …»
«Kvifor skjer dette utan større sverdslag frå Ørsta»
Dette skriv Møre Nytt på leiarplass 30/12-2025.
Eg må seie meg svært einig i redaktøren i Møre Nytt sine ytringar og undring over ei passiv haldning til nedlegginga av Ørsta-meieriet, og at det ikkje blir reagert meir frå politisk leiing i Ørsta. Eg føler sjølv på eit ansvar som politikar å ikkje ha teke meir tak i denne saka. Eg har tidlegare vore vitne til desse truslane frå Tine sentralt om nedlegging av Ørsta-meieriet både i 2011 og 2017, men ein greidde den gang å kjempe imot. Ei slik gjentaking av trugslar om nedlegging gir ikkje tryggleik for tilsette og påverkar fagmiljøet negativt. Ein kan verkeleg undre seg når ein ser tilbake på Tine sin nedleggingsstatistikk der det siste 40 åra har vore lagt ned ca. 100 lokalmeieri. Får ein ikkje stoppa denne nedbygginga vil kanskje vestlandsbonden ikkje stå att med noko lokalt meieri, kanskje berre Trondheim og Byrkjelo blir att?
Eg meiner at det no må takast ein omkamp frå Ørsta kommune sin kommunale- og politiske toppleiing, samt bondeorganisasjonar og arbeidstakarorganisasjonar. Driftsmessig og utviklingsmessig har Ørsta meieriet alltid levert gode nyskapande meieriprodukt. Over 50 arbeidsplassar står i spel, og i den situasjon kommunen er i så bør det vere den viktigaste saka å arbeide for å bevare arbeidsplassar å sikre inntekter til kommunen. Å bevare og utvikle Tine sitt anlegg i Ørsta vil vere god kommunal- og distriktspolitikk og ei styrking av matberedskapen.
Tine Meieri i Ørsta har vore prisvinnar av ulike ostetypar gjennom mange år, oppskrifta er dyktige og engasjerte tilsette, godt utstyr og unikt råstoff.
Eg ser at det går føre seg ein prosess i Tine Gruppa som vil bygge ned distriktsmeieria. Dei dekker seg bak eit konstruert scenaria innan berekraftsarbeid og klimatiltak. På Tine sine nettstad kan det sjå ut som det er norske bønder og Tine som skal redde klimaspørsmåla i verda. Konserndirektør i Tine uttalar at det er ein ny langsiktig konsernstrategi knytt til berekraft og miljøavtrykk som skal gi meir berekraft i lokalt landbruk og skape eit levande Norge, og vere ein produsent med lokal nærvær. Eit anna innlegg frå konsernleiinga er: Endringane i verda minner oss om kor viktig et sterkt og berekraftig norsk matsystem er. Ved å forenkle og effektivisere hele verdikjeda skal vi sikre matproduksjon i hele landet, til beste for både forbrukarane og den norske bonden.
Etter slike utsegn skulle ein forvente ei forklaring på korleis Tine ser på sitt ansvar i høve å løyse den nasjonale og lokale matberedskapen. Trur ikkje det er sentralisering som er løysinga. Det er ikkje måte på kva utgreiingar Tine har sett i gang for å redde Norge sine klimagassutslepp. Det står i sterk kontrast til det ein opplever fleire plassar i landet, og også her i Ørsta, der det er nedlegging og sentraliseringsplanar som har fokus og som må betale prisen for ein slik strategi.
Når vi veit at:
Færre og større meieri gir ein meir sårbar produksjon ved uventa hendingar.
Lenger transport gir lågare berekraft, dårlegare produkt og avhengnad av transportinfrastruktur.
Større meieri er mindre fleksible i forhold til tilpassing til endring i etterspørsel.
Nedlegging av meieri kan gi avhengnad av auka import, som igjen kan påverke matberedskapen.
Tine riggar seg no for volumproduksjon, nedlegging av distrikts-arbeidsplassar og frakting av råvarer 100 vis av kilometer for tilarbeiding, og like langt tilbake for å nå ut til kunden, snakk om klimatiltak og berekraft. Enorme investeringar i el-tankbilar og ladestasjonar, og så brukar dei metanhemmande tilsetting i foret til kyrne for å bøte på skaden.
Tine flaggar at lokal berekraft er satsingsområde, men det står no tydeleg i sterk kontrast med at Tine stadig bygg ned lokale verksemder fleire plassar i landet og hundrevis av arbeidsplassar. Dei svekker lokal næringsmiddelindustri og viktige lærebedrifter. Tine er kynisk i nedlegging av lokalt grunderskap innan produktutvikling av lokale meieriprodukt. For Ørsta kan vi nemne spesielt Snøfrisk, Kvitlin, ekte geitost, ulike variantar kremost og Edamerost. 50–60 tilsette ved Ørsta-avdelinga står i fare for å misse sin arbeidsplass. Vil særleg nemne utviklinga av ein norsk smørbar geitost som starta i Ørsta på 90-talet og vart lansert under OL på Lillehammer i 1994 som «Snøfrisk.» Dette vart ein sals- og marknadsføringsvinnar langt utover landegrensene. I 2004 starta Ørsta-meieriet med ysting av rein geitemjølk-ost, det var eit forskingsarbeid mellom lokale bønder og Tine. Dette vart seinare kall «Sunnylvs-prosjektet» i 2008, eit utviklingsarbeid som har vore grunnleggande for kvaliteten til den Norske geitosten nasjonalt. Skulle gjerne fått høyre kva som er tine si forklaring på berekraft.
Tine Meieriet i Ørsta har særleg dei siste 25 åra synt ei framifrå kompetanse og omstillingsevne til stadig å vere i framkant i utviklinga av nye og betre produkt. Suksesskriteria har vore at ein geografisk ligg i eit tradisjonsrikt geitemiljø der fleire generasjonar har bidrege saman med Tine i forsking og utvikling av nye innovative og konkurransedyktige produkt. Kvar er det blitt av lovnaden om at Tine skal bidra til lokal verdiskaping, og kvar er lovnaden på at Ørsta-meieriet skulle leggast i kategorien SPESIAL?
Eg kan ikkje finne nokon plass i sentraliseringsprosessen, klimasatsinga og berekraftsarbeidet til Tine at resultatet skal gi betre inntening for bonden. Finn ikkje økonomiske tal som underbygger at Ørsta-Meieriet bør leggast ned. Tine SA er eigd av 7000 mjølkebønder som er fundamentet for heile Tine SA si verksemd. Tine Gruppa har ei årsomsetning på 24 milliardar med eit resultat før skatt på 911 millionar. Det står på nettstaden til Tine SA at overskotet skal gå tilbake til mjølkebøndene, gjer det det? Ørsta-meieriet har ein produksjon på 3000 tonn ulike ostetypar. Den lokale verdiskapinga frå produsentane i Tine SA står for 70 % av omsetninga i konsernet. Då kan ein undre seg over at Tine satsar millionbeløp i utlandet som står berre for 16 % av totalomsetninga.
Slutt med å øydelegg for den verdiskapinga den norske bonden og landbruket har bygd opp gjennom generasjonar. Sats på dei produksjonsfasilitetane og den kompetansen som framleis er i drift, og bygg desentralisert berekraft og lokal forsynings-beredskap.
TIL KAMP FOR ØRSTA-MEIERIET.