I vekerapporten som vart publisert onsdag, går det fram at delen prøver med påvist influensavirus har gått noko ned dei siste to vekene.

I veke ein var delen høgast i Innlandet, Telemark, Møre og Romsdal og Trøndelag.

I nokre fylke, som Rogaland og Vestland, har influensautbrotet starta noko seinare, så det er mogleg at smittetoppen ikkje er nådd der enno

Talet på sjukehusinnleggingar er også på veg ned. Den første veka i år er det rapportert om 665 sjukehusinnleggingar med influensa. I juleveka var talet 731.

I perioden frå veke 42 i fjor haust til veke ein no i januar er det meldt om 102 innleggingar i intensivavdelingar på grunn av influensa. Talet er vesentleg høgare enn i same periode i 2024/25 då det var 44 innleggingar og i 2023/24 då det var 85. I vintersesongen for tre år sidan var talet likevel høgare med 114 intensivinnleggingar.

Folkehelseinstituttet opplyser også at talet på prøver med påvist korona forkjølingsvirus aukar. Førekomsten av Rs-virusinfeksjon er også aukande, men på eit lågt nivå.